Tragisk: Politiet ser på drukningsulukka som eit tragisk uhell.

Eitt år gammal gut omkom i drukningsulukke: — Ei forferdeleg tragisk hending

Torsdag ettermiddag førre veke, mista ein liten gut livet etter å ha drukna i eit basseng.

— Politiet har vore tilbakehaldne med informasjon om denne saka og det er mange grunnar til det. Det er ei forferdeleg tragisk hending. Det er framleis ikkje mykje vi kan seia, av omsyn til pårørande og etterlatne som opplever ei tragedie, og fordi vi framleis undersøkjer saka, seier politistasjonssjef Oddbjørn Dyrdal.

Politistasjonssjefen opplyser om at pårørande er gjort kjende med at politiet no uttalar seg til media om saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dyrdal understrekar at dei har oppretta ei undersøkingssak, og har jobba aktivt med saka sidan førre fredag. Det er ingen som er mistenkt for noko straffbart.

— Det er gjort mykje, men framleis står det att litt undersøking. Dette er eit tragisk uhell, slik vi ser det.

– Korleis blir familien følgt opp?

– Dei blir følgt opp av kriseteamet i kommunen og helse generelt. Vi er også påpasselege og ser til at dei får den støtta dei kan få, seier Dyrdal.

– Vil ta vurderinga internt

Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) fekk melding om ulukka torsdag ettermiddag i 17-tida. Politiet blei gjort kjende med ulukka fredag ettermiddag klokka 17.30.

Vurderinga av kvifor det tok eit døgn før politiet var kopla inn, vil dei ta internt.

— Det er nokre omstende vi må jobba med å få klargjort, blant anna at ikkje vi blei varsla tidlegare. Det er nok gjort nokre vurderingar på staden som gjer at ein ikkje «trykkjer på trippelvarslinga», men eg vil ikkje gå i detalj på dette. Det er nok veldig krevjande for pårørande og etterlatne at vi kjem inn i etterkant, seier Dyrdal og legg til:

— Vi vil ta lærdom av dette, og så handlar det om å bli betre i framtida.