Stengd: Lyshorntunnelen er stengd i retning Bergen.

Open att etter stenging tysdag morgon

Lyshorntunnelen var tidlegare i dag stengd for dei som skulle frå Os til Bergen.

— Det skal ikkje ta så lang tid før det er fiksa, opplyste trafikkoperatør Tom Erik Englaugstad klokka 08.50 tysdag morgon.

Årsaka til stening, var at ein del av eit eksosanlegg låg midt i vegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det ligg nesten midt i vegen, på kvitstripa. Delvis i begge felta, altså. Då er det mest fornuftig å stengja. Politiet og entreprenøren er på veg. Den som kjem først, får nok rydda opp ganske snart, sa Englaugstad.

Tunnelen blei opna att i 9-tida.