Politi: N/A

Eitt ras registrert så langt

Eit lite ras i Ådlandsfjorden er det einaste politiet har fått melding om så langt.

Torsdag ettermiddag vart det meldt om stor jord-, sørpe- og flaumfare for område i indre delar av Bjørnafjorden kommune. Det var også meld om store nedbørsmengder, og det gjeld framleis for kvelden fredag.

Men til no er det ikkje rapportert om særlege hendingar i samband med den kraftige nedbøren og flaumfaren. Då Os & Fusaposten prata med Kvam, Fusa og Tysnes politistasjon fredag ettermiddag, fekk me følgjande melding:

Artikkelen held fram under annonsen.

— Patruljen vår i Fusa har til no berre rapportert om éi hending. Det var torsdag kveld og omhandla eit mindre pukk-ras ved hovudvegen på Ådland. Her rann pukksteinane saman med ein overfylt bekk. Men det var ikkje rapportert om jord og øvrig skred i området. Raset vart fort rydda opp og det er ikkje meld om ytterlegare problem i vegbanen, fortel Anne May Garen ved Kvam politistasjon.