Eit av dei finaste områda i sentrum, kaien framføre Bjørne- og Handlegården, blir i dag brukt til parkeringsplass. Her kan det koma Elvepromenade i staden. Sist veke var politikarane på synfaring.
Eit av dei finaste områda i sentrum, kaien framføre Bjørne- og Handlegården, blir i dag brukt til parkeringsplass. Her kan det koma Elvepromenade i staden. Sist veke var politikarane på synfaring.

Eitt steg nærare våt draum

Elvepromenaden har fått politisk godkjenning. Men framleis må det både pengar og privat initiativ til for å få han på plass.

Gjennom Os kommunes mangeårige arbeid for å finna ut kva som manglar for å gjera Osøyro meir attraktivt som sentrum, har det kome fram at hovudpulsåra - sjølve Oselva - er lite tilgjengeleg for folk flest. Kommunen vonar at ein promenade langs elva kan bøta på dette.

- Elvekantstrekninga er per i dag i privat eige, delvis utilgjengeleg eller brukt som parkeringsplass, og generelt lite tilrettelagt som byrom for allmenn ferdsle og rekreasjon, heiter det i administrasjonens utgreiing.

Artikkelen held fram under annonsen.

I første omgang er det strekkja mellom gjestebryggja og nesten opp til Tanngarden som er aktuell. Plangrensa stoppar før Henny Leegaard Tvedt sin eigedom.

Elveplassen og gangbrua

Eit grep som skal knyta elvepromenaden saman med Bydraget (hovudgata frå gamle banken til gamle brannstasjonen) er den såkalla elveplassen. Det vert ein offentleg opphaldsstad ved Oselva inkludert ei trapp som gjev direkte tilgang til elva.

- Elveplassen skal opparbeidast med soner for variert opphald ute, leik, og rekreasjon. Elveplassen skal vere belyst og ha innslag av vegetasjon. Utforminga skal sikra publikum moglegheit for å nyta soltilhøva, nærleik og universell framkomst til vatnet og mogelegheit for av- og påstiging med kajakk, joller og robåtar, skriv administrasjonen.

Vidare gjev detaljreguleringa rammer for ei framtidig gangbru over Oselva frå dette området.

Tett samarbeid med private

Ei sentral problemstilling har vore korleis få på plass ein gangveg til offentleg bruk langsmed private eigedommar. Det har difor vore sett av ein god del tid til dialog med grunneigarar som Per Tore Bakketeig, Kjell Kolaas, Os Næringspark og Engelinegaarden. For sistnemnde sitt vedkomande har det t.d. kome innspel om at elvepromenaden bør gå midt gjennom Kafe Engelines uteserveringsareal.

Eit viktig moment i dette har vore å finna ut korleis dei private kan få realisert sine tomter. Det har difor vore eit fokus å innarbeida planar for fleire bustader på desse eigedommane.

- Fleire bustader bra for sentrum

Om bustadutviklinga langs elva heiter det at den kan "auka bruken, aktiviteten og attraktiviteten av byromma i sentrum. Det vil òg auke den kritiske massen som kan gje auka næringsgrunnlag til sentrumsnæringane".

Ein ser for seg ei blanding av bustader og næring, men gatenivået blir øyremerkt næringsbruk og blir i større grad open og meir publikumsretta enn dagens.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ikkje godt nok for borna

Blant Hordaland fylkeskommune sine innspel til planen, finn ein kritikk mot måten krava til uteopphaldsareal er løyst på. Det blir nemleg lagt opp til at offentlege parkar skal tena som uteopphaldsareal, i staden for at kvart nye bustadbygg skal ha kvar sitt separate uteområde.

- Me er kritiske til at parkar og offentlege areal vert nytta som erstatning for uteareal innafor planområdet. Planen kunne med fordel skildra kva slags offentlege område som er i nærleiken, korleis desse vert nytta og korleis barn og unge skal koma seg trafikksikkert til desse grøne areala. Slik planen ligg føre, kan me ikkje sjå at planen er tilfredstillande når det gjeld å setja av plass for born og unge, og sikra gode og trygge oppvekstmiljø, skriv dei.

- Ok med leik på offentlege stader

Dette innspelet er ikkje teke til følgje av administrasjonen.

- Denne planlegginga gjeld sentrumskjernen av Osøyro. Hagar og uteopphaldsareal vil vera i strid med god planskikk for sentrale område. I bumiljø i sentrumskjernar må ein rekna med at leik går føre seg på offentlege areal, argumenterer dei.

Vidare blir det vist til den gjeldande norma for felles leik- og uteopphaldsareal som gjev høve for å etablera fellesareal på tak, balkong og gardsrom på bakken (der eigedommane er store nok til å tillata dette).

Skrytte av administrasjonen

Leiar av plan- og bygningsutvalet, Gustav Bahus (Frp), var full av godord om planen då detaljreguleringa skulle handsamast.

- Det har vore ein lang veg mot målet, men administrasjonen har vore lydhøyr, teke omsyn, og slik eg forstår det, er grunneigarane relativt nøgde med planen, sa Bahus.

Harald Døsen (Ap) lurte på kva tid ein kan sjå føre seg at planen kan realiserast. Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, svarte.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Promenaden kan me greia å få på plass, medan resten vert opp til private aktørar. Kva tid me kan gå i gang kjem an på kva tid private aktørar kjem i gang med sine ting, og kan sleppa oss innpå. Men no er det i alle fall lagt til rette for at dei kan setja i gang, sa ho.

- Bruk av overskotet

Harald Døsen var einig i at det vil vera meir krevjande å få på plass den biten av elvepromenaden som går forbi dei private eigedommane, men kanskje ein kan starta med det som går frå gjestebrygga og til Kafé Engeline.

- Det burde kunne realiserast, sa han.

- Ja, det kan det kanskje vera ein fin ting å bruka fjorårets overskot på, spurde Tjosås, og sikta til dei 40 mill. kronene Os kommune hadde i mindreforbruk i 2016.

Frp kom med eit tillegg som handla om at gangbrua over Oselva ikkje måtte vera til hinder for båtferdsle. Og promenaden må utformast slik at det vil bli "mogleg å leggja til med småbåt langs heile promenaden, til dømes skjergardsjeepar".

Administrasjonens framlegg til vedtak og Frp sitt tilleggspunkt vart deretter vedteke samrøystes.

FAKTA ELVEPROMENADEN

· Legg til rette for ei promenadestrekning som knyt saman regulerte promenadestrekningar både nord og sør for planområdet.

· Etablerer ein offentleg opphaldstad ved Oselva i forlenging av Øyro for å styrkja forholdet mellom bygata/sentrum og elva.

Artikkelen held fram under annonsen.

· Opnar opp Baronselva og gjer elva meir tilgjengeleg.

· Opnar siktlinje og legg til rette for fysisk framkomst til Oselva fleire stader gjennom etablering av tverrgåande passasje.

· Frigjer delar av området for biltrafikk og auka fokus på mjuke trafikantar.

· Auka byggjehøgda med føremål å gje større fortetting- og utbyggingspotensial med funksjonsblanding av bustad og næring.

· Tilretteleggje for eit allment tilgjengeleg og publikumsretta gatenivå.