Har god kontroll: — Eg skjønar at enkelte blir urolege, men dei skal ikkje engsta seg. Me har god kontroll og står veldig på for å spora opp alle som ikkje responderer på SMS-en som me sender ut, seier Oen.

Eldre er urolege: — Me gjer alt me kan for at ingen skal bli gløymde

Tre veker inn i massevaksinasjonen sit det framleis ein del eldre og er redde for å bli gløymde. Vaksinekoordinator Nina Oen seier dei har kontroll.

Onsdag var det klart for tredje massevaksineringsdag i Bjørnafjorden kommune. Totalt 236 skulle vaksinerast denne dagen. Dei fleste i prioriteringsgruppe 3, altså 75 til 84 år, men også ein del helsepersonell.

— Kvar veke set me av kring 20 prosent av vaksinane til å ta helsepersonell. Me er komne eit stykke på veg med dei, fortel Oen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Har du noko tidspunkt for når du reknar med at alle i helsesektoren i kommunen har fått vaksinen sin?

— Nei, det våger eg ikkje seia. Det bør vera gjort i god tid før sommaren, men nett når, kjem an på når me får AstraZeneca-vaksinen og kor mykje me får av den, seier Oen.

Les også
— Med dette tempoet blir alle i risikogruppene vaksinerte innan juni. Men eg trur det vil gå endå fortare

Vert ikkje avviste

Men i hovudsak så handlar det altså om den eldre generasjonen i desse dagar.

Kvar onsdag ettermiddag sender vaksinekoordinator Oen og hennar medarbeidarar ut denne meldinga til dei det gjeld:

Du får denne meldinga fordi du er prioritert til å få koronavaksine onsdag, 3. februar. Du kan no bestille time for vaksinasjon ved å trykke på denne lenkja: https://helseboka.app/b/s/10059-32436 (bestilling med BankID) og velje stad og klokkeslett. Du kan òg ringe oss på telefon 913 58 649 for å bestille time. Vaksinasjon skjer i Oshallen og ved helsestasjonen på Fjord'n Senter. Beste helsing kommuneoverlegen i Bjørnafjorden kommune

Men ikkje alle responderer rett på meldinga.

— Ein må følgja lenkja som følgjer med SMS-en. Vidare må ein logga seg inn med bank-id og svara på ein del spørsmål. Når ein har gjort det, må ein venta og få stadfesting på at ein har gjort alt rett. Dette er det ein del som glepper på eller ikkje får heilt til, vedgår Oen.

Onsdag var det eit par som møtte opp i Osbadet og rekna med at dei var registrert i systemet, men likevel ikkje var det.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Grunnen til dette er at dei anten ikkje har fullført svara på lenkja og fått stadfesting, eller at dei ikkje har fått til det med bank-id og likevel trudd at alt var i orden så lenge dei gjekk inn på lenkja, forklarar Oen.

— Kva gjer de i slike tilfelle?

— I dag har me hatt tre personar i Os og to i Fusa som ikkje var registrerte. Førebels har me unngått og senda folk heim utan vaksine. Konsekvensen er at nokon helsearbeidarar som skulle fått vaksine denne veka, må venta til neste, forklarar vaksinekoordinatoren.

Alle skal med: Totalt 236 vart vaksinerte i Bjørnafjorden kommune denne onsdagen.

Urolege for å bli gløymde

Men sjølv om det er godt med informasjon både på kommunens heimesider og i media, er det mange eldre som er redde for å bli gløymde. Underteikna har følgd massevaksinasjonen for lokalavisa over lang tid og er blitt oppringd av fleire urolege eldre.

– Kva har du å seia til desse?

— Eg skjønar at enkelte blir urolege, men dei skal ikkje engsta seg. Me har god kontroll og står veldig på for å spora opp alle som ikkje responderer på SMS-en som me sender ut, seier Oen.

— Dei som har ringt underteikna synest dette med aldersgruppene er forvirrande.

— Ja, det er nok nokon som ikkje heilt skjønar dette, og som ventar å bli kalla inn så snart me byrjar på ei ny gruppe, som no med +75. Men då er det viktig å hugsa på at me går nedover frå eldst i gruppa, altså frå 84 år og ned til 75 år, forklarar Oen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kring 10 er ikkje spora opp

Vaksinekoordinatoren fortel at dei kvar dag i veka har to-tre personar som sit og registrerer dei som vil melda seg til vaksine over telefon (913 58 649) fordi dei ikkje har klart å gjera registreringa sjølve.

Spesielt i dagane etter at nye innkallingar vert sende ut (onsdag ettermiddag) er det stor pågang.

— Når alle ringjer på ein gang, er det litt ventetid. Det må folk vera budde på. Men me er tilgjengelege for spørsmål kvar dag, så alle skal få hjelp, seier ho.

— Er det mange de til no ikkje har klart å koma i kontakt med som skulle vore inne til vaksinering?

— Nei, men det er nokre få, kanskje 10-15 personar.

— Om dei eller pårørande les dette, då bør dei ta kontakt?

— Ja, om dei er over 85 og ikkje har fått koma til vaksine, så må dei gjera det, ja, seier Oen.

Nokre av dei over 85 har også meldt frå at dei ikkje vil ha vaksinen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Fem til ti prosent har sagt dei ikkje vil ha han. Det utgjer i underkant av 20 personar, fortel Oen.

Betre for kvar veke

Men både innkallingssystemet og sjølve massevaksineringsprogrammet går seg meir og meir til. Vaksinekoordinatoren føler alt i alt at det går veldig bra.

— Det var litt humpar og dumpar i starten, men no synest me det går betre og betre for kvar veke, seier Oen.

32-åringen fekk jobben som vaksinekoordinator i desember. To månader etter konkluderer Strøno-busette Oen slik:

— Det har vore mykje jobbing, ein del overtid sjølvsagt, men det er spennande og gjevande. Eg har også hatt jobb i testteamet, og hovudansvaret med å ta kontakt med foreldre til born under seks år som har bestilt time til test, fortel ho.

— Kor mange skal vaksinerast i neste veke?

— Talet me no jobbar utifrå er 156 dosar. Det vil seia at me skal vaksinera 36 i Fusa og 120 i Os.