Meldt i kveld: Mannen vart meldt sakna i 20.30-tida, etter at han var sist sett heime kring 17.30, gjekk ut og ikkje kom attende.

Eldre mann funnen etter leiteaksjon i Venjaneset-området

Det opplyser vakthavande ved operasjonssentralen i Hordaland.

Ein mann i 80-åra, som er skildra som dement, er akkurat funnen etter ein leiteaksjon i Venjaneset-området i kveld.

Mannen vart meldt sakna i 20.30-tida, etter at han var sist sett heime kring 17.30, gjekk ut og ikkje kom attende.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me starta leiteaksjonen umiddelbart etter at me fekk inn meldinga, opplyser vakthavande.

Politi, Røde Kors, Norsk Folkehjelp og 2 ekvipasjar frå Norske Redningshundar vart kalt inn samband med søket.

Medan me pratar med operasjonssentralen like før kl 22.30 får dei inn melding om at mannen er funnen, kald, men oppegåande.