Kommuneoverlege: Klaus Melf beklagar at mange opplever det som styr å måtta testa seg ytterlegare ein gong, men seier det er for å sikra at ein ikkje har elevar som går rundt og trur dei er smittefrie medan dei vitterleg har viruset i kroppen.

Elevane må ta ny test og husstandsmedlemene må ut i ny ventekarantene

Elevane i dei to klassane som har hatt smitteutbrot på Os ungdomsskule, må ta ny test i morgon. Familiemedlemer må ut i ny ventekarantene.

Søndag kveld fekk foreldra følgjande melding frå kommuneoverlege Klaus Melf: «Elevar i desse to klassane må ta ny test i morgon, og søsken og foreldre må i NY ventekarantene».

Åsaka er at smitteeksponeringsdagen er flytta frå sist tysdag til sist torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Dette er ein massesmitte-situasjon. Til no har me registrert over tjue personar som er blitt smitta, men me fryktar i tillegg at nokon av dei som testa seg no på torsdag og fredag, kan gå med falsk negativ test, seier Melf.

Vil vera heilt sikre

Kommuneoverlegen beklagar at dette medfører ekstra styr for elevar, familiar og andre pårørande, men seier at han «er redd det er naudsynt».

— Etter at fleire av elevane i klassane fekk påvist smitte, er det klart for oss at resten av elevane har vore i smitteeksponeringssituasjon til og med torsdag. Det vil seia at viruset truleg ikkje hadde fått sett seg slik at me fekk avdekt det med prøve då dei testa seg, forklarar Melf.

Med så hissig smitte som det viser seg å ha vore i desse klassane, er han redd at det er fleire som vil få positive testar.

— I kveld kan det koma fleire, og me fryktar også at ein del av dei som no testar seg opp att på måndag, kan bera på smitte. Då skjønar folk også kvifor me må gå til det skritt å be folk ta ein ekstra test, seier Melf.

— Og husstandsmedlemene?

— Dei må gå i ventekarantene som førre gong, slår Melf fast.