Politi og ambulanse var raskt på pletten ved Best-stasjonen.
Politi og ambulanse var raskt på pletten ved Best-stasjonen.

Elevar påkøyrde etter skulegudsteneste

Dei to gutane i 6. klasse ved Kuventræ skule kom frå ulukka utan fysiske skadar.

Like før klokka 13 opplyste politiet om at to gutar var påkøyrde ved Best-stasjonen i Os sentrum. Kuventræ skule hadde si årlege julegudsteneste i Os kyrkje, og ulukka fann stad då elevane skulle gå tilbake att til skulen. Dei to vart ikkje fysisk skadde, men fekk tilsyn av medisinsk personell på staden.

Ein time seinare sende rektor Olav Røttingen sende ut melding til alle foreldra ved skulen om at dei to gutane er i orden, og har blitt henta heim av foreldra.