Funnstaden: Den fine steinen som Elise fann då ho var ute og leikte i friminuttet, viste seg å vera svært sjeldan.

Elise (8) gjorde steinalderfunn midt på skuleplassen

Den veldig fine steinen viste seg å vera noko langt meir verdifullt.

– Steinen er ein vakker flintdolk frå yngre steinalder. Det er ein utruleg fin dolk, som er veldig sjeldan å finna, fortel arkeolog Louise Bjerre Petersen i Vestland fylkeskommune i ein artikkel på fylkeskommunen si nettside.

Funnet vart gjort på Os barneskule i midten av februar. Elevane var ute på skuleplassen og leikte då åtteåringen fann den spesielle steinen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skulle plukka opp ein glasbit, og så låg steinen der. Den var fin, fortel ho i artikkelen.

Lærar Karen Drange skjønte med ein gong at dette var ein spesiell gjenstand, og at ho måtte ta kontakt med fylkeskommunen. Dolken vart raskt levert inn til Vestland fylkeskommune. Arkeolog Petersen roser skulen for å ha gjort alt rett då den spesielle steinen dukka opp.

– Skulen handterte dette etter boka. Når ein finn ting eller spor etter førhistorisk aktivitet, skal det meldast inn til fylkeskommunen. Vi tek imot gjenstanden og samarbeider deretter med universitetsmuseet om saka, seier ho.

Yngre steinalder: Dolken er om lag 12 centimeter lang, laga i flint og er truleg frå yngre steinalder.

Kring 4.000 år gamalt reiskap

Den veldig fine steinen viste seg å vera eit reiskap laga av menneske for meir enn 3.700 år sidan. Vestland fylkeskommune og Universitetsmuseet har undersøkt funnstaden på skuleplassen på Os i lag. Funnstaden vart graven ut for å sjekka om det kunne liggja fleire funn i same område.

– Vi fann korkje fleire gjenstandar eller spor etter steinalderen akkurat her, men dolken Elise fann er nokså unik. Han vil bidra til vidare forsking på steinalderen på Vestlandet, fortel Petersen.

Til BA seier prodekan på Universitetsmuseet og professor i arkeologi, Nils Anfinset, at funnet er sjeldan.

– Det er absolutt ikkje vanleg å snubla over eit slikt funn på den måten, seier han.

Arnfinset legg til at det var viktig at skulen meldte frå om funnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gjer at vi kan setja funnet inn i ein større kulturhistorisk samanheng.

Undersøkte funnstaden: Her er arkeolog Howell M. Roberts og seksjonsleiar Morten Ramstad ved Universitetsmuseet i Bergen i arbeid saman med arkeolog Louise Bjerre Petersen i Vestland fylkeskommune.

Får diplom på torsdag

Torsdag skal Elise og klassen hennar besøkja Universitetsmuseet i Bergen. Der skal dei mellom anna læra meir om steinalderen og få omvising i museet. Åtteåringen skal dessutan få utdelt eit diplom for innsatsen sin.

Alle funn i Vestland vert leverte inn til Universitetsmuseet i Bergen. Der vert dei katalogiserte og brukte i forsking og formidling.