I 2016 passerte talet på grasrotgjevarar ein million. Os Turnforening får 441.310 kroner i tilskot som følgje av Grasrotandelen. Biletet er frå ein fotballskule i regi av Os Fotball i sommar. (Arkiv
I 2016 passerte talet på grasrotgjevarar ein million. Os Turnforening får 441.310 kroner i tilskot som følgje av Grasrotandelen. Biletet er frå ein fotballskule i regi av Os Fotball i sommar. (Arkiv

Endå ein grasrotrekord

Om kort tid får idrettslag og foreiningar over heile landet til saman 448 millionar kroner på konto. Det kan dei takka norske tipparar og Grasrotandelen for.

I 2015 sørgde nær 1 million gjevarar for vel 394 millionar kroner ekstra i potten til idrettslag og foreiningar i Noreg. Det var ny rekord. I år er summen 448 millionar.

Berre for Os Turnforeining, som er den største grasrotmottakaren i Os med 612 gjevarar, har storleiken på grasrotandelen auka med vel 108.000 kroner, frå 333.019 kroner i 2015 til 441.310 kroner i 2016.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er gledeleg å sjå at stadig fleire ser verdien av å gje bort sin grasrotandel til sitt idrettslag eller sin foreining. Pengane Grasrotandelen generer er svært viktig for idrettslaga. Det er pengar som går direkte til idrettsaktivitet, opplyser idrettspresident Tom Tvedt i ei pressemelding.

- Alt hjelper

Totalt 25.000 lag og foreiningar får pengar frå Grasrotandelen. I Os er Os Turnforening som nemnt, største mottakar. På andreplass kjem Lysekloster idrettslag. Dei har 245 gjevarar som bidreg med til saman 196.059 kroner. Deretter kjem Søfteland Turn og Idrettslag, Nore Neset idrettslag, Os Røde Kors, Søre Neset idrettslag og I.L. Øyglimt. Laga mottek høvesvis 152.547 kroner, 126.386 kroner, 114.405 kroner, 111.551 kroner og 91.238 kroner.

I Fusa stikk Ådlandsfjorden idrettslag av med den største summen. 59 gjevarar sørgjer for 42.257 kroner ekstra i potten for idrettslaget. Laget vert etterfølgd av Sævareidfjorden ungdomslag som får 37.399 kroner frå til saman 93 gjevarar.

I Os låg idrettslaga øvst på lista. I Fusa er variasjonen større. På topp ti finn ein alt frå Baldersheim bygdalag (35.005), Fusa karateklubb (19.616) og Eikelandsfjorden idrettslag (17.299) til Eikelandsfjorden musikklag (14.659), Strandvik grendahuslag (14.051), Fusa ambulansestasjon (13.193), Ådrotts venner (12.854) og Mundheimsdalen skytterlag (10.319).

- Uansett kvar ein har interessene sine innanfor frivillig sektor, oppmodar eg alle til å styrkja den lokale, frivillige organisasjon sin gjennom grasrotandelen, seier Tvedt.

- Det kostar ingenting å verta grasrotgjevar. Spela du kjøpar kostar nøyaktig det same, men fem prosent av innsatsen går direkte til den grasrotmottakeren du vel å støtta. Alle bidrag hjelper, påpeikar idrettspresidenten i pressemeldinga.

Klubbane som håvar inn mest pengar på Grasrotandelen er alle med i Eliteserien. Meir overraskande er det kanskje at Hordaland sikrar seg tittelen "Beste fylke".

- Oslo og Akershus er dei to mest folkerike fylka, men dei vert utklassa av Hordaland. I Hordaland vart det nemlig generert 51,2 millionar kroner til Grasrotandelen i 2016. Medan Akershus og Oslo "berre" bidrog med 40,8 og 35,3 mill. kroner, går det fram av pressemeldinga frå Norsk Tipping.