Så langt har dei nye skilta i Osøyro hatt god effekt.
Så langt har dei nye skilta i Osøyro hatt god effekt.

Endeleg eit parkeringsskilt som fungerer

Sjølv om den eigentlege testen kjem over pinse, ser det nye tiltaket på Osøyro så langt ut til å vera ein suksess.

I fjor vart det innført nytt parkeringsreglar på Osøyro. Det innebar mellom anna at området mellom Oshjørnet/Baronsgården og Orion Pizza fekk parkering på berre eine sida – nemleg nærast Oshjørnet. Likevel har folk halde fram som i gamle dagar, og parkert på båe sidene.

– Problemet ved å parkera framføre Orion er at ein då set bilen på tvers i køyrefeltet, sa kommunalsjef Aina Tjosås då saka vart diskutert i plan- og bygningsutvalet nyleg. Politikarane kommenterte at osingane hadde parkert her i alle år, og at det tek tid å endra.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Parkerer du her ...»

Etter møtet gjekk Aina Tjosås, næringssjef Daniel Skotheim og prosjektsjef Halvor Hanevik saman om eit nytt tiltak. Dei flytta blomekassar til utsida av baldakinane ved Orion og laga til skilt.

– Rundt 16. mai kom skiltet opp. Eg fekk laga og trykka skilta, og Hanevik monterte dei. Eg trur det vil gjera det både tryggare å ferdast i sentrum, og gje ein betre trafikkflyt, seier Daniel Skotheim.

Skilta har følgjande bodskap: «Parkerer du her, stenger du for andre». Fredag føremiddag 18. mai var det ikkje ein einaste bil å sjå parkert her.

– Eg har følgt med etter at skiltet kom opp, og førebels ser det ut til å fungera. Det er veldig kjekt. Og så håpar me sjølvsagt at folk respekterer det også vidare, seier Aina Tjosås. Ein del har teke fri i samband med langhelga, så den eigentlege testen kjem neste veke.

Vil i det lengste unngå forbod

Tjosås seier at dei ikkje med dette trur at alle parkeringsproblema i Os sentrum er løyst.

– Det området har vore det klart mest uryddige. Me må løysa problemet bit for bit. Me følgjer med, og ser kva som fungerer. Me vonar i det lengste å kunna få dette til utan å ty til forbod, seier ho.

ol@osogfusa.no