Os kommune har aldri vore lukkelegare.
Os kommune har aldri vore lukkelegare.

Endeleg par i hjerter

Os og Fusa kommune bekreftar forholdet på Facebook.

I dag kom endeleg den offisielle stadfestinga på det vi alle har visst. Nemleg at Os og Fusa kommune er i eit forhold.

I alle fall lyder teksten på begge kommunane sine Facebook-sider: «In a relationship».

Artikkelen held fram under annonsen.

Os har alt fått mange tomlar opp og smilefjes og så langt berre eit sinnafjes. I Fusa er responsen litt tregare - med berre to tomlar opp - men dette må tilskrivast eit noko lågare folketal.

Ettersom begge meldingane vart lagt ut for få minutt sidan, tyder det på at offentleggjeringa var ei felles avgjerd.

Os & Fusaposten gratulerer og ynskjer kommunane lykke til med samlivet.

Også i Fusa blømer forelskinga.
Også i Fusa blømer forelskinga.

anne-marie@osogfusa.no