I helga er det ingen trafikk på ferjesambandet Hatvik-Venjaneset. Dermed vert det heller ingen avgangar med line 740 frå Osøyro. Ruta går om Arna og Tyssetunnelen i staden.
I helga er det ingen trafikk på ferjesambandet Hatvik-Venjaneset. Dermed vert det heller ingen avgangar med line 740 frå Osøyro. Ruta går om Arna og Tyssetunnelen i staden.

Endra busstrasé i helga

Som følgje av at ferjestrekkja Hatvik-Venjaneset er innstilt i helga, vert traseen til Skyss si line 740 frå Gjermundshamn til Bergen endra.

Laurdag og sundag køyrar bussane frå Eikelandsosen til Bergen via Tyssetunnelen, Arne og Nesttun. Bussane nyttar same trasé ved retur. Det opplyser kommunikasjonsrådgjevar i Skyss, Ingrid Dreyer.

Som ein konsekvens av den endra køyreruta må kundane ifølgje Dreyer belaga seg på seinkingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Strekkja Nesttun-Hatvik vert ikkje betent av line 740 i perioden. Strekkja Venjaneset-Eikelandsosen vert betent av buss eller drosje, opplyser Dreyer.

Årsaka til at ferjetrafikken er innstilt i helga er byggjearbeid på Hatvik ferjekai. Eksisterande tilleggskai (pir) skal byggjast om og forlengast.

Ferjesambandet er innstilt frå fredag 27. mai klokka 20.20 til måndag 30. mai klokka 05.35.

Heile ombyggingsarbeidet skal etter planen vera ferdig innan 15. juli.