Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol orienterte tysdag Stortinget om koronastrategien til regjeringa og beredskapsplan. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Endrar råd: – No skal vi læra oss å leva med koronaviruset i samfunnet

– Vi ønskjer å normalisere korleis vi tek omsyn til viruset, seier helseminister Ingvild Kjerkol.

Tysdag gjorde ho greie for den nye koronastrategien til regjeringa.

– Det spesifikke rådet om å vera heime i fire døgn etter koronasmitte, blir oppheva. Frå no av vil faglege råd overlatast til Folkehelseinstituttet. Men pandemien er på ingen måte over. Det er stor uvisse om smitteutviskinga, kva virusvariantar vi kan møta og når ein ny variant kan oppstå. Difor er det framleis behov for god overvaking og beredskap, sånn at ei uheldig utvikling kan oppdagast, blir vurdert og blir tidleg handtert, sa Kjerkol.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho fortalde at regjeringa no legg fram ein «leva med»-strategi.

Vurderinga om å droppe tilrådinga om å vera heime i fire døgn ved smitte, er i tråd med tilrådingane regjeringa har fått frå helsestyresmaktene.

– FHI vurderer at rådet om å halde seg heime i fire dagar ved positiv covid-19-test bør avviklast så snart som mogleg, med overgang til ei generell tilråding om å halda seg heime ved sjukdom, på lik linje som ved andre infeksjonssjukdommar, utan nærare opplysning om tid, skreiv FHI i sine vurderingar.