- Det er viktig at ulovleg bygging blir teke tak i, spesielt fordi det kan vera svært konfliktskapande, seier plan- og bygningssjef Jan Egil Leirstein.
- Det er viktig at ulovleg bygging blir teke tak i, spesielt fordi det kan vera svært konfliktskapande, seier plan- og bygningssjef Jan Egil Leirstein.

Enklare reglar - meir arbeid

Plan- og bygningssjef Jan Egil Leirstein trur det auka fokuset på ulovleg bygging trass alt fører til fleire nøgde innbyggjarar.

Morten Holmefjord

morten.holmefjord@osogfusa.com

Artikkelen held fram under annonsen.

- Om det er ein som misnøgd etter ein kontroll, så er det gjerne mange rundt som er nøgde, seier Leirstein.

Offensiv haldning

Det var i februar me skreiv at Fusa kommune varsla ei meir offensiv haldning til ulovleg bygging.

- Saka stod på trykk på laurdagen. Måndagen etter fekk eg to telefonar frå folk som hadde dårleg samvit. "Ikkje kom på besøk, me skal riva det", fortel plan- og bygningssjefen og humrar.

Byggesaksavdelinga er mykje meir aktive ute i "felten" enn før. Melding om ulovleg bygging blir undersøkt.

- Me er ute og ser på ting og følgjer opp dei grøvste sakene. Me rekk ikkje på småsaker enno, seier Leirstein.

- Men målet er å fylgja opp alt som me får vita om, og også å fylgja opp tilsyn og kontroll i lovlege tiltak.

Uklårt

Det mest alvorlege er ulovleg sprenging og ommøblering av naturen, noko som ofte ikkje går an å reversera.

I samband med nytt regelverk som tok til å gjelda frå 1. juli, har det kome mange telefonar til kommunen. Her er det mykje som folk synst er uklårt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er fleire no enn før som vender seg til oss. Dei lurer på om det dei sjølve eller naboen held på med er innanfor reglane. Så regelendringa har nok fått ein litt annan effekt enn det som var tenkt, meiner plan- og bygningssjefen.

Skilnaden

Leirstein si erfaring er at med fleire ting som er lovlege, utløyser dette i mange tilfelle fleire nabokonfliktar.

- Største skilnaden mellom før og no, er at no er det tiltakshavaren som er ansvarleg for å sjekka at alt blir gjort innanfor gjeldande planar og lovverk. Om tiltakshavaren får ettersyn og me oppdagar manglar, så kan de i nokre høve følgjast opp som eit ulovleg tiltak, fortel Leirstein og held fram:

- Ofte får me spørsmål frå folk som har tenkt å gå i gang med eit prosjekt, om det er lovleg. Det kan me i prinsippet ikkje svara på. Då driv me i realiteten og handsamar det, og det skal me altså ikkje.

Bygg som svir

Leirstein vil ikkje vera noko politi, og så langt det let seg gjera vil han vera smidig.

- Utgangspunktet vårt er at når me får mistanke om at eit tiltak er ulovleg, så prøver me sjå kva me kan gjera for å gjera det lovleg.

Det er ikkje alltid det lèt seg gjera. Dei kan gi ein frist på inntil 30 dagar for å bøta på skaden. Om tiltakshavar ikkje rettar seg etter dette påbodet, vankar det i nokre tilfelle eit gebyr på opp til 70.000 kroner og 2.000 kroner i dagbøter - alt etter kvar tiltaket har si plassering og kva omfang me snakkar om.

God dialog

Sidan februar har plan- og byggesaksavdelinga i Fusa kommune hatt seks saker gåande, der ingen av dei til no er avslutta. Fire saker ventar på avklaring/forklaring. Nokre av meldingane der det først har vore mistanke om ulovleg bygging, har ved ettersyn vist seg å vera lovlege.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er viktig at ulovleg bygging blir teke tak i, spesielt fordi det kan vera svært konfliktskapande. Etter dei tilbakemeldingane eg har fått, ser folk ut til å meina at det me her har teke fatt i er tillitsskapande. Eg synest me har ein god dialog gåande med publikum, avsluttar Leirstein.