Ein smak av bygda: Smakslaukane har nok ein gong trilla terning over eit smakfullt måltid.

Episode 3: Fiffens plommer fekk nytt liv etter over eitt år i frysen

Smakslaukane er invitert heim til mat og drikke-manageren på Hotel Terminus.

— Kva med Tilslørte Plommepiker?

— Det høyrest heilt nydeleg ut!

Artikkelen held fram under annonsen.

Lat oss vera ærlege, denne gongen frykta vi ikkje resultatet. Desserten høyrdest heilt fin ut, og det er ikkje kven som helst som står på kjøkenet.

Episode 1: Søftelandsbollen vs Strandvikbollo

Episode 2: Tacokjøttkaker hos Isabell

Episode 3: Smutsige gardspiker hos Aleksander

Fritt spelerom

Alexander Grener er regjerande meister i “Kakekrigen”. Han gjekk til topps i den sjuande og førebels siste sesongen av TV-programmet, som gjekk på FEM til og med 2018.

Likevel var det ikkje bakst som stod på menyen då han fekk — så godt som — fritt spelerom med tanke på kva han ville servera duoen i “Søtt, salt & sausete”.

Grener har forresten tidlegare gitt lesarane til Os & Fusaposten kaketips til nasjonaldagen: Slik får du den perfekte pavlovaen.

I dag jobbar han som Food & Beverage Manager på Hotel Terminus i Bergen. Etter å ha sett ein video i sosiale medium, der duoen i “Søtt, salt & sausete” inviterer seg heim til Bjørnafjordingar, tok han kontakt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plommer i november

Tilslørte Bondepiker vert som regel laga med eple, men Greners vri er å bruka plommer.

Kvar får ein tak i gode, lokale plommer i november? Jo, frå eit fryseskap på Haugsneset.

— Er du ein søtt, salt eller sausete person, Grener?

— Søtt. Definitivt, seier han og smiler.

Sjå korleis det gjekk då Grener skulle laga dessert til smakslaukane i “Søtt, salt & sausete” i vindauget over.

Lagar du, eller kjenner du nokon som lagar eit heilt spesielt måltid, dessert eller bakverk? Det kan anten vera ein kuriositet, eller berre heilt fantastisk!

Kanskje er det ei oppskrift som har passert gjennom generasjonar som fortener litt merksemd?

Tips oss gjerne på tips@osogfusa.no, på Instagram, Facebook eller Snapchat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søtt, salt og sausete: Smakslaukane orienterte seg i søtt terreng heime hos regjerande meister i “Kakekrigen”, Aleksander Grener (i midten).

Rull terning — Benjamin:

Kvar skal ein byrja. I utgangspunktet er det gjærbakst som ligg hjarta nærast. Ikkje sååå stor fan av kaker, ei heller kremete dessertar.

Plommer er også eit stykke unna topplista av frukter. Noko som kan forklara kvifor kilovis vert liggjande i frysen over tid 🙃

Dette er i høgste grad ein kremete dessert. Plomme er ein sentral komponent, men likevel, altså. Terningen landa på fem!

Skillingsbollen er kutta i tynne skiver og stekt. Desse lange flaka blei brukt som skei for å få blanda dei ulike komponentane i perfekt piska krem, og plommekompott. To syrlege garnityr-bringebær blei kasta inn i miksen også, saman med sprø, søt “bolle-kavring”.

Ein dessert som må etast med ein gong. Viss ikkje, blir det ei smørja!

Det gjorde vi heldigvis, og det tok ikkje lange tida før skåla var tom. Mi i alle fall.

Terningkast 5

Artikkelen held fram under annonsen.

Rull terning — Regine:

Eg er alltid litt skeptisk når det kjem til frukt i dessert.

Vil frukta halde på sin gode smak og konsistens, eller vert den berre blaut og vassen?

Grener sin plommekompott var alt anna enn vassen. Her snakkar vi ein plommekompott med tyggjemotstand, og som balanserer det søte og det syrlege i plommene.

Til den litt syrlege plommekompotten og den søte kremen, var sprøsteikt skillingsbolle akkurat det desserten trengde — nemleg krønsj.

Alle komponentane i Grener sin versjon av tilslørte bondepiker komplimenterte kvarandre, og gjorde desserten til ei komplett smaksoppleving.

Terningkast 6