Utdeling: - Det er ekstra kjekt at eit taxi-selskap har gjort seg fortent til dette, sa ordførar Trine Lindborg under utdelinga torsdag.

Er blant dei fyrste på Vestlandet: Os Taxi får skryt for heilomvending

– Me er naturleg nok stolte over å vera såpass tidleg ute.

Sommaren 2020 fekk Os Taxi sin første elbil. I dag har dei 15. No har dei fått sin fortente Miljøfyrtårn-plakett.

Fleire justeringar

Taxi-selskapet ved busshaldeplassen i Os sentrum har gjort fleire justeringar for å bli meir miljøvenleg dei siste åra. Men viktigast av alt; no er dei nærast heilt utsleppsfrie.

Artikkelen held fram under annonsen.

— I løpet av dei tre siste åra har me skifta ut alle personbilane frå fossildrivne bilar til elbilar. Det starta med Roger Gravelsæter og hans Audi e-tron sommaren 2020. No har me totalt 15 elbilar, fortel dagleg leiar for Os Taxi, Tor Anders Hauge.

Han vedgår at det framleis er eit par unnatak.

— Me har framleis to bilar som me køyrer brukarar av elektriske rullestolar med. Desse bilane er det per dags dato ikkje mogleg å få fullgode erstatningar for om dei skal vera el-drivne. Det har med storleik og funksjonalitet å gjera. Men på sikt vil me sjølvsagt få erstatta også desse, seier Hauge.

Tidleg ute

Os Taxi og dei tilsette fekk miljøbeviset torsdag formiddag. Miljøfyrtårnet vart overrekt av ordførar Trine Lindborg.

— Det har vore ei enorm auke i talet bedrifter i kommunen som har fått eit slikt bevis dei siste åra, men eg tenkjer at det er ekstra kjekt at eit taxi-selskap har gjort seg fortent til dette. Det krev verkeleg omstilling og systematisering. Eg synest det er tøft gjort, sa Lindborg.

Ho påpeika at Os Taxi er tidleg ute med miljøsertifisering blant taxiselskapa.

Dette stadfesta Hauge.

— Etter det eg kjenner til er det berre Nordhordland og Bergen taxi som har fått dette på Vestlandet. Me er naturleg nok stolte over å vera såpass tidleg ute.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men dei har framleis litt å gå på i taxisentralen.

— Me er ikkje komne i mål med skikkeleg kjeldesortering. Der må me ha litt hjelp av kommunen, som me leiger lokale av. Me er på saka, lovar Hauge.