- Om ikkje det offentlege tek ansvar, er det vanskelegare å krevja det same av det private næringslivet, påpeika Marie Bruarøy då ho overrekte skiltet til fungerande rektor Kjersti Daland.
- Om ikkje det offentlege tek ansvar, er det vanskelegare å krevja det same av det private næringslivet, påpeika Marie Bruarøy då ho overrekte skiltet til fungerande rektor Kjersti Daland.

Er blitt Miljøfyrtårn: - Os gymnas er eit eksempel til etterfølging

Ordførar Marie Bruarøy takka Os gymnas for å vera eit eksempel til etterfølging då ho overrekte det synlege beviset på at skulen no er eit Miljøfyrtårn.

- Om ikkje det offentlege tek ansvar, er det vanskelegare å krevja det same av det private næringslivet, påpeika Bruarøy då ho overrekte skiltet til fungerande rektor Kjersti Daland.

Daland kunne fortelja at det er iverksett fleire tiltak for å gjera det meir miljøvenleg ved skulen. Ein har mellom anna utbetra ventilasjonsanlegget og byta vindauge som i sin tur har gjeve lågare energiforbruk. Det kjem også stadig fleire små miljøstasjonar slik at elevar og lærarar kan sortera avfallet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Marie Bruarøy, som sjølv har vore elev og var milleniumsruss ved skulen, sa i talen sin at noko av det fyrste som slår ho når ho no kjem inn på gymnaset, er at det er ei heilt anna belysning.

- Nye vindauge og også ny ventilasjon har gjort noko med inneklimaet, påpeika ho og la til at «miljø- og klimafokuset er mykje større no enn når eg gjekk her for 18 år sidan».

Ordføraren fortalde også at Os kommune i desse dagar jobbar med ein klima-, energi og miljøplan.

- Eg er heilt sikker på at de kan bidra til at også dei heime kan gjera kloke og riktige miljø-val, sa ordføraren til elevane.
- Eg er heilt sikker på at de kan bidra til at også dei heime kan gjera kloke og riktige miljø-val, sa ordføraren til elevane.

- Denne planen vert ambisiøs og står i stil med det arbeidet som er gjort her på gymnaset, sa Bruarøy.

Ho kommenterte at det no er lagt veldig godt til rette med renovasjonsstasjonar på skulen slik at at elevane kan bidra til å redusera avfallet.

- Det er veldig enkle og små grep, som å hiva plastflaskene i rett dunk. Ta denne tankegangen med dykk heim. Eg er heilt sikker på at de kan bidra til at også dei heime kan gjera kloke og riktige miljø-val, oppmoda ordføraren.

Rektor Dalen kunne fortelja at Miljøfyrtårn-skiltet skulle hengjast på ein synleg plass, men understreka at det viktigaste er det ein gjer i kvardagen for å betra miljøet både ved skulen og elles.

- Kom med gode forslag. Eg vonar de er aktive og miljøbevisste, slik at de kan gje oss gode idear til kva me skal gjera vidare utover hausten og vinteren, sa Dalen til elevane.

Artikkelen held fram under annonsen.

jostein@osogfusa.no