Abo Plan og Bygg)
Abo Plan og Bygg)

Er bubil-parkeringa til for alle?

Dersom det skal stå bubilar på Haugsneset, kva då med alle dei andre besøkande - til dømes badegjester?

I fjor haust godkjende Os kommune søknaden om å etablera bubilparkering på Haugsneset. Men naboar meinte at tiltaket ikkje er i tråd med reguleringsplanen for området, og politikarane i plan- og bygningstuvalet fekk difor saka på sitt bord.

- Me meiner det er feil at bubil-parkeringa skal liggja der, og har føreslått å fjerna dei 2 mill. kroner tiltaket vil kosta, sa Harald Døsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han hadde også ei rekkje spørsmål. Kven eig området? Kva er det regulert til? Er bubilparkering det same som ein vanleg parkeringsplass? Dreier det seg om ei næring? ville Døsen vita.

Hald avstand til bubilane

Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, svarte på spørsmåla. Ho sa at tiltaket er i tråd med reguleringsplanen, det er kommunal grunn, og vidare sa ho at det er likegyldig kven som parkerer på bubil-parkeringa.

- Men står det parkert ein bubil der, kan du ikkje stå nærare enn det som er angitt. Brannvesenet stiller krav til så og så mange meter mellom bubilane. Dette er altså ein ordinær offentleg parkeringsplass som også er til bubilar, sa Tjosås.

Straum, do og campingplass

Arbeidarpartiet lurte vidare på kva som kjem av installasjonar på området.

- Dei treng kanskje litt straum, sa Tjosås.

- Men krev det avløp? spurde Døsen.

­- Dei har do med seg, og skal tømma desse på plassar som er sett av til det. Vanlegvis er det på ein bensinstasjon, sa Tjosås.

Terje Sperrevik (TvS) spurde om det ville bli noko konflikt mellom bubilturistane og dei mange besøkjande til den populære Haugsnesfjæra.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg tenkjer at det skal gå heilt greitt. Det har det gjort mange andre stader. Bubilfolk held seg til det som er lovleg og tilrettelagt, så eg ser ikkje noko konflikt der, sa Tjosås.

Døsen kommenterte at han meinte at dette burde ha vore privatisert, og sett i samband med ein campingplass, noko som også kunne ha generert inntekter.

Sendt til fylkesmannen

Protesten til trass, gjekk Frp/H/KrF inn for å oppretthalda vedtaket. Saka vert sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd.