Vaksinering: I tillegg kan enkelte trenga endå ein dose til hausten igjen.

Er du over 80 år? No tilbyr kommunen deg ein fjerde vaksinedose mot korona.

Og er du alvorleg immunsupprimert, får du tilbod om dose fem.

Alle personar over 80 år kan no få 4. vaksinedose, dersom dei sjølve ønskjer det og ikkje har hatt korona etter 3. dose.

Det skriv Bjørnafjorden kommune på si heimeside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det må gå minimum fire månader mellom 3. og 4. dose. Den fjerde vaksinedosen kan ein ta på apotek eller legekontor.

Bestill koronavaksine

Folkehelseinstituttet (FHI) trur at effekten av ein oppfriskingsdose no vil vera mindre i Norge enn i andre land med meir smitte, men vil likevel tilby ein slik dose til dei over 80 år.

FHI understrekar at ein vaksinedose no ikkje nødvendigvis utelukkar behov for ytterlegare oppfriskingsdose til hausten. Då ventar dei nemleg at smitten i Norge vil auka.

Fjerde dose har så langt berre vore eit tilbod til personar med immunsupprimert tilstand (demping av immunreaksjonar eller immunsystemets funksjon).

FHI opnar no for at alvorleg immunsupprimerte pasientar som har fått 4. dose, skal få ein 5. dose.

Pasienten kan ta vaksinen hos fastlegen sin eller ved Moberg legesenter og Eikelandsosen legekontor, då med dokumentasjon på vaksinasjonsbehovet frå fastlegen.