Politi: Både politi og brannvesen kom raskt til ulukkesstaden ved midnatt torsdag kveld.

Erkjenner ikkje straffeskuld etter fjellvegg-ulukke

Kvinna som køyrde i fjellveggen i Mobergsbakken torsdag kveld, vedgår likevel å ha vore uoppmerksam.

Klokka 23.50 fekk politiet melding om at ein bil hadde køyrt i fjellveggen i Mobergsbakken.

Det var store materielle skader på bilen, og begge airbagane vart utløyste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den kvinnelege sjåføren (f. 1966) bles til 0 i promille, men vedgjekk å ikkje ha vore aktsam. Politiet tok difor førarkortet hennar og har oppretta sak.

Kvinna erkjende ikkje straffeskuld, og samtykka heller ikkje til førarkortbeslaget.

Føraren vart køyrt til legevakta for undersøking etter hendinga, men var til alt hell ikkje skadd.