Foreininga Oskatten ønskjer å hjelpa.
Foreininga Oskatten ønskjer å hjelpa.

Etterlyser eigar av heimlaus sentrumskatt

Veit du kvar denne katten kjem frå? Foreininga Oskatten trur det dreier seg om ein gatekatt som livnærer seg på pommes frites og andre matrestar.

I oktoberstarta det opp ein ny dyrevelferdsorganisasjon i Os, kalla Oskatten. Som namnet tyder på er det primært heimlause kattar dei ønskjer å hjelpa. Dei meiner at fleire tilfelle av katteaids blant ville kattar i bygda og kattekoloniar rundt om i bygda er teikn på at dette er eit forsømt felt i bygda. Og no har dei eit nytt kasus.

Sentrumskatten

Katten det dreier seg om er fleire gonger observert i området kring gjestekaien og Essostasjonen. Oskatten har prøvt å finna eigaren, utan hell så langt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei tilbakemeldingane me har fått tyder på at denne katten har gått rundt i sentrum i to år, og et restar av pommes frittes og det han eller kan finna av mat, seier Charlotte Moberg Lokøy, som er medlem i foreininga.

Dei ønskjer å unngå at Os får ein ny «Osprins». Det var ein katt som gjekk og svalt på Halhjem, men som ingen hjelpte. Saka vekte avsky landet rundt, og nådde jamvel store aviser som VG.

Vil byggja hus til katten

Medan dei ventar på ein permanent løysing for katten, ønskjer dei å byggja eit lite varmehus til dyret.

Dyrevelferds organisasjonen fokuserer særlegpå kattar.
Dyrevelferds organisasjonen fokuserer særlegpå kattar.

– Me ønskjer å hjelpa katten og gje han omsorg. Lova krev at me først må finna ut om den har ein eigar. I mellomtida har me tenkt å byggja eit lite varmehus som katten kan søkja tilflukt i, seier Monica Bruland.

Dei har sendt to førespurnader til Os kommune om dette, men så langt ikkje fått svar.

Dersom nokon har informasjon om sentrumskatten, kan dei kontakta Oskatten på epostpost@oskatt.no

ol@osogfusa.no