I etterkant av folkemøtet på Breidablikk i Sævareid i desember, sendte Sævareidfjorden ungdomslag inn ein felles uttale til planprogrammet  til den nye reguleringsplanen på vegner av innbyggjarane i bygda. (Arkivfoto)
I etterkant av folkemøtet på Breidablikk i Sævareid i desember, sendte Sævareidfjorden ungdomslag inn ein felles uttale til planprogrammet til den nye reguleringsplanen på vegner av innbyggjarane i bygda. (Arkivfoto)

Etterlyser meir føreseieleg utviding

- Uavhengig av om det vert aktuelt med ei utviding av verksemda eller ikkje, må reguleringsplanen for Sævareid fiskeanlegg setja krav til at utbyggjar gjer avbøtande tiltak knytt til utfordringar som støy, lukt og støv.

- Det har vore ein del støy kring anlegget opp gjennom åra. Det hadde vore i alle si interesse dersom denne utfordringa hadde vorte reduserte til eit minimum.

Det skriv Sævareidfjorden ungdomslag (SUL) i sin uttale til planen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rekkjefølgjekrav

10. oktober vart planprogrammet for reguleringsplanen for Sævareid fiskeanlegg og Sævareid sentrum lagt ut på høyring. I den samanheng inviterte ungdomslaget til eit allmøte i bygda.

Fristen for å koma med innspel var eigentleg 25. november, men vart utsett til nyttår. Uttalen som ungdomslaget skreiv, på vegner av innbyggjarane, i etterkant av møtet, vert oppsummert i tjue punkt.

I tillegg til reduksjon av støy, støv og lukt, meiner SUL at det må setjast rekkjefølgjekrav til ei eventuell utviding.

- I nær 20 år har verksemda ved Sævareid fiskeanlegg vorte utvida, utan at ein har teke omsyn til trafikkauke, anleggstrafikk og liknande. Ved ei regulering er det viktig at ein tek høgde for utviding av verksemda, og at ein set rekkjefølgjekrav til utvidinga. Då kan ein sikra at området vert utbygd og sikra, før, eller samstundes med at utbygginga føregår.

Ungdomslaget meiner òg at utbygginga må avgrensast ved hjelp av ein tidsplan.

- På den måten vert utvidinga meir føreseieleg for alle, heiter det i uttalen som er signert av styreleiar i Sævareidfjorden ungdomslag, Carl-Johan Haugen.

Vil verna om fritidsfisket

Vidare bed SUL om at NVE sin flaumsikringsplan frå 2005 må verta del av reguleringsplanen, at alle eigedomsgrenser innanfor planområdet må klarleggjast, at tilkomstvegen til fiskeanlegget må leggjast utanom sentrum, og at sentrumsområda som i dag er del av eit LNF-område, vert omregulerte til sentrumsføremål.

- Det er naturleg at området på vestsida av Haugaelva vert regulert til sentrumsområde, slik som på austsida av elva. Me ser det som heilt naturleg at butikken i bygda ligg i sentrum, går det fram av uttalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ungdomslaget er også oppteken av at den nye reguleringsplanen ikkje må avgrensa fiske- og friluftslivmogelegheitene i bygda.

- Sævareid er kjent for sine gode fiskemogelegheiter, både i sjøen, elva og i Sævareidvassdraget. Området vert nytta av lokale og tilreisande fritidsfiskarar. Det er veldig viktig for bygda, og området generelt, at ein reguleringsplan ikkje set ytterlegare avgrensingar på dette fisket, skriv ungdomslaget, som meiner at artsmangfaldet i sjø, elv og ferskvatn må utgreiast i samband med planen.

Småbåthamn og fortau

Dersom Sævareid fiskeanlegg bestemmer seg for å byggja fjellhallar i tilknyting til anlegget sitt, meiner SUL at massane som vert til overs må nyttast på ein positiv måte, til gode for bygda.

Ungdomslaget peikar på at bygda manglar ei skikkeleg småbåthamn, og at denne i så fall bør plasserast i "Nordvikjo".

- Her er det kort veg frå anleggsområdet, skriv SUL.

Andre ting massane ifølgje ungdomslaget kan nyttast til er: Plastring/utbetring av strandlina i sjøen, vegutvidingar, møteplassar for bilar, parkeringsareal og liknande.

På ønskjelista til innbyggjarane står også fortau frå sentrum til busshaldeplassen på FV 121.

- Vegen er til dels bratt, svingete og uoversikteleg, og er nytta som skuleveg for mange born i barneskulealder. Ved å etablera eit fortau her, med skikkelege vegljos, vert denne vegen mykje tryggare for alle, heiter det i uttalen frå ungdomslaget.