(Privat foto)
(Privat foto)

Etterlyser tips etter innbrot i båt

Politiet vil svært gjerne ha tips etter at nokon braut seg inn i ein båt på Skjørsand i helga.

Ove Ivarhus ved Fusa lensmannskontor fortel at dei i helga fekk melding om innbrot i ei eldre treskøyte som ligg ved ein privat kai på Skjørsand.

- Nokon har brote seg inn i styrehuset og stole ein god del verkty, opplyser Ivarhus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at dei no er svært interesserte i tips dersom nokon har sett eller høyrt noko.

- Særleg kunne me ynskt å koma i kontakt med personane som i løpet av helga var inne til same kaien i to lyse motorbåtar, seier Ivarhus.

Han understrekar at desse ikkje er mistenkte i saka, men at politiet ynskjer hjelp til å få oversikt over trafikken som har vore i området i helga.