Så ofte han kan: Even (9) elskar å fiska, og saman med farfaren sin, Knut Natvik, dreg han ut i båt og fiskar så ofte han kan.

Even (9) elskar å fiska. Motivasjonen vart ikkje mindre etter storfangsten i sommar

Even og bestefaren fiskar så ofte dei kan.

Even (9) elskar å fiska, og saman med farfaren sin, Knut Natvik, dreg han ut i båt og fiskar så ofte han kan. Spesielt populært er det å setja og trekkja garn.

– Eg veit ikkje kven som er ivrigast av dei, men ekstra moro er det når fangsten blir av det store eller spesielle slaget, fortel mora Ida A. Larsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I sommar fekk dei ein breiflabb på 15 kilo i garnet. Det var ei stor oppleving for dei to fiskekameratane, og 9-åringen vart nok ikkje mindre motivert etter storfangsten.