Exit frå Fusa-politikken

Med berre 2,9 prosent av røystene vert det ikkje plass til SV i det nye kommunestyret i Fusa.

 

Camilla Kvamme

Artikkelen held fram under annonsen.

camilla.kvamme@osogfusa.no

 

Partiet som gjorde det bra i Bergen og i fylket, klarte ikkje å mobilisera nok røyster i Fusa, og enda opp med ein nedgang på 0,8 prosent samanlikna med valet i 2011.

- Det er sjølvsagt skuffande at SV er ute av kommunestyret, men om ein skal prøva å sjå det positive i valresultatet, så har partiet ein framgang i forhold til den lokale målinga i vår, seier SVs ordførarkandidat, Birgitte H. O. Skibenes.

Slik Skibenes ser det, vart årets kommuneval eit reint skuleval for folk i Fusa. Arbeidarpartiet har størst oppslutnad i Eikelandsosen og på Fusa, medan Senterpartiet er klart størst i Strandvik.

- Utfordringa vår er kanskje at vi ikkje har vore tydeleg nok i debatten, men vi ønskjer å venta til høyringsresultatet er klart 28. september. SV meiner framleis at dersom ei strukturendring skal verta vellukka, så må det vera stor semje om endringa, seier SV-politikaren.

Raudgrønt fleirtal

Skibenes er spent på korleis partia vil løysa utfordringane i Fusa i åra som kjem.

- Fleirtalet er ikkje meir tydeleg no enn i førre periode.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innerst inne håpar Skibenes på eit raudgrønt samarbeid i kommunestyret.

- Det er nok ikkje det som vert utfallet, men med utgangspunkt i politikken og verdiane til dei ulike partia, burde det ha vore mogleg, meiner ho.

I tillegg til engasjementet i Fusa-politikken, står Skibenes på 5. plass på fylkestingslista til Hordaland SV. Tysdag ettermiddag er utfallet av fylkestingvalet framleis ikkje 100 prosent spikra.

- Slik det ligg an no, ser SV ut til å få tre mandat i Fylkestinget i Hordaland. I så fall får eg mest sannsynleg ein varaplass der, seier Skibenes og legg til:

- Det bles ein raud vind over landet, noko som er positivt både for Ap og SV. Dersom eg får moglegheita, ser eg veldig fram til å arbeida meir med fylkespolitikk i åra som kjem.

Kva som hender med Fusa SV, er Skibenes usikker på.

- Vi får ta pause i nokre år, og så får vi sjå.