Færre: Stadig færre blir smitta av RS- og covid-19-virus. I tillegg er andelen som blir smitta av influensa stabil.

Færre får hostevirus og korona for tida

Førekomsten av influensa har vore stabil dei siste par vekene. Samtidig har talet på RS-virusinfeksjonar flata ut, og koronabølgja i vinter er så å seia over.

Influensaaktiviteten er stabil etter at ein ganske moderat topp vart passert i jula, heiter det i Folkehelseinstituttets vekerapport om covid-19, influensa og andre luftvegsinfeksjonar.

Vidare ventar FHI at vinterferieperioden vil føra til nedgang i influensasmitten framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Talet på nye influensainnleggingar er stabilt med 225 innleggingar i veke 6 etter 234 i veke 5. Det var seks nye innleggingar i intensivavdeling med influensa i veke 6 etter ti i veke 5.

RS-virusinfeksjonar, som ofte rammar barn, er ikkje lenger aukande. I veke 6 var det 185 nye innleggingar etter 241 veka før.

Innleggingar av koronasmitta har gått ned sidan veke 50 med 76 nye i veke 6, etter 117 i veke 5. FHI skriv at vinterbølgja så å seia er over.

– Smittevernråda er å halda seg heime ved nyoppstått luftvegssymptom dersom ein kjenner seg sjuk. Alle bør også praktisera god hand- og hostehygiene, skriv FHI i rapporten.

Dei rår også personar som er ekstra utsette for alvorleg sjukdom, om å vurdera å bruka munnbind innandørs i det offentlege rommet i periodar med mykje smitte.