Det blir grunan vêret ingen faklar på fakkelfredag.
Det blir grunan vêret ingen faklar på fakkelfredag.

Fakkelfredag avlyst - satsar på lommelyktfredag i staden

– Vi hadde tenkt å dela ut faklar på Oseana, no endrar vi planane, skriv Os sentrumsforeining på Facebook.

– Hei alle. I dag har vinden herja litt i Os. Nokre plassar er det roleg og andre stader bles det kraftig. Vi hadde tenkt å dela ut faklar på Oseana, slik at dei som ønskjer det kunna vera med i eit fakkeltog. No endrar vi litt på planane og oppmodar heller alle til å ta med lomme- og hovudlykter. Vi vil framleis gå frå Oseana klokka 18, og tenna julegrana når toget er på plass. Nissen luskar rundt på Øyra, så vi håpar han kjem også, skriv sentrumsforeininga.