Denne falske tusenlappen låg på bakken ved juletreet i Os sentrum. Kvinna som fann han, trudde først han var ekte, men det gjekk ikkje lang tid før ho skjønte at det var han ikkje.
Denne falske tusenlappen låg på bakken ved juletreet i Os sentrum. Kvinna som fann han, trudde først han var ekte, men det gjekk ikkje lang tid før ho skjønte at det var han ikkje.

Fann falsk tusenlapp

Om det berre er barnestrekar, eller om nokon har prøvd å trykka falske setlar, er uvisst, men politiet ber folk halda augene opne i ein travel julemånad etter funn av falsk tusenlapp.

Den falske tusenlappen blei funnen ved juletreet i Os sentrum tysdag ettermiddag. Politiet er meldt. Lensmann Oddbjørn Dyrdal, fortel at dei ikkje har fått inn liknande meldingar den siste tida, men at det er viktig å gjera folk merksame på dette.

– Vi går inn i ein periode med mange julemarknader og basarar. Dei som ikkje sit i kassa på butikken, og ikkje tek i mot pengar til dagen, kan bli lurt, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

På nettopp ei julemesse kan det difor vera lettare å kvitvaska falske setlar.

– Om ein handlar for 300 kroner, får ein med seg ei vare, og 700 ekte kroner. Det er berre til å vera vaken, dei som skal handtera kontantar, seier Dyrdal og legg til:

– Det er også travle dagar i mange butikkar, noko som kan vera med og gjera til at ein blir mindre merksam. Om det er éin falsk setel der ute, finst det nok fleire.

Det er fleire ting som skil den falske setelen frå den ekte. Den falske er identisk på begge sider, og fargen er annleis.
Det er fleire ting som skil den falske setelen frå den ekte. Den falske er identisk på begge sider, og fargen er annleis.