Fann hasj og amfetamin
To personar er meldt etter funn av narkotika i ein bustad.
Politiet var i går kveld ute på ei adresse i Os. Ein mann og ei dame i 40-åra var tilstades. Etter å ha snakka med dei to, bestemte politiet seg for å undersøkja bustaden.
- Vi fatta mistanke om narkotika. Inne i bustaden fann vi mindre mengde hasj og amfetamin. Det er oppretta sak, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Stolne motorsyklar
Måndag føremiddag fekk politiet melding om at to motorsyklar var stolne frå eit garasjeanlegg i Storestraumen.
- Den eine sykkelen er ein KTM 390 Duke. Kvit farge, med registreringsnummer HW2814. Den andre er ein raud Honda CB500, med registreringsnummer TD 7425. Vi har vore på staden, men der fann vi ingen spor å sikra, seier Hadler-Olsen.