Politiet gjorde beslag i hasjplantene heime hjå mannen.
Politiet gjorde beslag i hasjplantene heime hjå mannen.

Fann hasj-planter hjå mann i 20-åra

Politiet gjorde beslag i plantene og eit kvitt pulver som kan vera narkotika.

Politiet ransaka sundag føremiddag eit husvære ein stad i Os, etter avgjerd frå jurist.

- Me fann ca. 20 hasjplanter som hadde vorte dyrka i husværet til mannen, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ukjent kvitt pulver

Politiet fann også eit kvitt pulver som dei mistenkjer kan vera narkotika. Mannen i 20-åra vart pågripen og avhøyrt om tilhøva.

- Han tilstod forholda og vart dimmitert etter avhøyret, og blir følgt opp vidare gjennom rettssystemet seier Hadler-Olsen.