Politi: Fuglehunden vart funnen på Sørstrøno tidlegare i kveld.

Fann hund med redningsvest

Hunden vart funnen på Sørstrøno tidlegare i kveld. Politiet trur han kan ha stukke frå eigaren sin.

Like før midnatt melder politiet at hunden er i ferd med å bli gjenforeint med eigaren etter at sistnemnde har teke kontakt med dei.

Det var klokka 21.37 fekk politiet melding om at nokon hadde funne ein raud/brun fuglehund på Sørstrøno.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hunden hadde redningsvest.

Dette opplyser Vest Politidistrikt på Twitter, men noko meir står det ikkje.

Ingen grunn til bekymring

Når Os & Fusaposten ringer Politiets operasjonssentral, får vi opplyst at det ikkje pågår nokon leiteaksjon etter hundens eigar.

— Nei, vi er ikkje bekymra for at det har skjedd eigaren noko eller at vedkomande er sakna til sjøs. Det er meir truleg at hunden kanskje har stukke av frå ein båt til land, seier vakthavande.

Noko bilete av hunden har dei ikkje.

— Men vi reknar vel med at viss vi går ut med opplysningar om ein raud/brun fuglehund, så vil eigaren uansett skjøna at det kan gjelda vedkomandes hund.