Fann pengar: Bjørn Fredriksen fann pengar på gata måndag. Han har så langt ikkje klart å finna eigaren. – Om ikkje eigaren melder seg, kjem eg til å gje summen til eit velgjerande føremål, seier han.

Fann pengar på gata – etterlyser eigaren

– Det er snart jul. Eg reknar med at det er nokon som saknar pengane, seier Bjørn Fredriksen.

Måndag kring klokka 14, hadde Bjørn Fredriksen vore på AMFI-senteret for å handla. På veg heim i Varåsen, kom han over kontantar på fortauet.

– Eg plukka dei opp. Eg kunne ikkje sjå nokon i området. Det var aldri i mine tankar å putta dei i lomma og ta dei sjølv. Det er snart jul, og eg reknar med at det er nokon som saknar pengane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så langt har Fredriksen etterlyst eigaren av pengane på Facebook – utan å lukkast.

– Eg vil helst ikkje gå ut med summen. Den som har mista pengane, er nok klar over det sjølv. Det er ikkje snakk om ein femti- eller hundrelapp. Det var litt pengar. Eg trur ikkje den som har mista pengane kan ha vore på staden lenge før eg var der, for det er ein stad kor det går mykje folk. Det var ikkje vanskeleg å sjå dei – midt på fortauet.

Fredriksen håpar at eigaren melder seg.

– Det er surt å mista pengar. Særleg før jul. Kan henda vedkommande tok handa i lomma for å ta opp mobilen, og så har pengane falle ut av.

Fredriksen har ein plan om ikkje eigaren melder seg.

– Då kjem eg til å gje summen til eit velgjerande føremål. Gjerne eit lokalt.

Om det er du som har vore uheldig, kan du kontakta underteikna, så skal avisa formidla vidare kontakt.