Ta kontakt: Reidun Vikøren bed dei som kan vera eigarane, eller dei som har opplysningar om kven som kan vera eigarane av hunden, om å ta kontakt med ho.

Fann restar av ein stor hund i skogen ved nabolag

Ber preg av å ha lege ute ei stund.

I dag blei det gjort funn av det som skal vera restane av ein stor hund. Reidun Vikøren som bur i Sperrevikvegen delte informasjon om dette på Facebook tidlegare onsdag. Ho skriv at ein nabo først kom over restane.

— Men ho hadde med seg to hundar og hadde ikkje høve til å stoppa, så ho tok kontakt med meg, fortel Vikøren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Funnet blei gjort eit par hundre meter inn i skogen ved eit bustadfelt i Sperrevikvegen. Hovudskalle og øvre del av ryggraden var der. Det var ein del pels att, og litt kjøt. Mykje av hunden mangla.

— Berre få minutt etter at meldinga starta spreia seg på Facebook, tok ei kvinne frå Os kontakt med meg. Ho hadde chiplesar og heiv seg i bilen og kom ut her saman med mannen sin. Det var Charlotte Lokøy. Vi fann diverre ingen chip. Dei to hjelpte oss også å leita i terrenget kring funnet, seier Vikøren.

Fann hovudskalle og delar av ryggmergen

Vidare fortel ho at det ser ut til at hunden har lege ute ei stund.

— Det er ein del som har teke kontakt, men vi har ikkje klart å finna eigarane. Eg har bilete som ikkje eignar seg i avisa, men som eg viser til dei som potensielt kan vera eigarane. Vi søkjer eigarane slik at dei kan få ro i sjela. Med tanke på at hunden nok har lege ute slik ei stund, er det nok ingen som har håp om å finna hunden att i livet, men det kan vera godt å få ei avslutning.

Pelsen var mørk/svart halvlang pelslengd tilsvarande setter/flatcoat/fårehund, skriv Vikøren på Facebook.

Dei som trur at det kan vera deira hund, eller som kan ha opplysningar om kven som kan vera eigaren, blir bedne om å ta kontakt med Vikøren på Facebook eller ringa ho på 917 79 731.