Jan Igland og Asbjørn Breivik driv med småfiske utanfor nausta sine i Hatvik. No er det mest oppdrettslaks å få.
Jan Igland og Asbjørn Breivik driv med småfiske utanfor nausta sine i Hatvik. No er det mest oppdrettslaks å få.

Får 200 kroner for kvar rømte oppdrettslaks

Dei får dagleg 20-30 oppdrettslaks i garnet, småfiskarane i Os. Bolaks betaler dei for å fiska laksen opp att, sjølv om dei ikkje trur at fisken kjem frå dei.

- Det er store mengder rømt opprettslaks i Bjørnefjorden no. Fiskarar eg snakkar med, får dagleg mellom 10 og 30 laks i garnet, seier Magnus Lyssand til «Os og Fusaposten».

- Ein vanleg fiskar dreg eitt eller to garn med slik fisk, og så gidd han ikkje meir. Ein treng ikkje meir til privat forbruk. Det dei burde gjort var å betala fiskarane for å fiska det på land att. Alternativet er at det er massevis av fisk som spreier lus over alt, seier Lyssand.

Spreidd over heile fjorden

Me tek ein prat med medlemmer i Os småfiskarlag og får stadfesta det Lyssand seier. Hobbyfiskaren Jan Igland har på si side kontakta den største oppdrettaren i området, Bolaks, for å høyra om dei har hatt nokre uhell.

- Eg sa at me ikkje orka å fiska meir oppdrettslaks no, med mindre me får betalt for det. Bolaks visste ikkje om noko rømming, men var likevel villige til å betala oss 200 kroner for laksen. Så no vert det fisking! smiler Igland, og syner fram laks på 2,5 - 3 kilo.

Det tok til på fredag. Ut over helga fekk fiskarane gradvis meir og meir laks.

13 av rømlingane som hamna i Jan Igland sitt garn måndag.
13 av rømlingane som hamna i Jan Igland sitt garn måndag.

- Når det plutseleg sym enorme mengder oppdrettslaks inn i garnet, skjønar du at det har skjedd noko, seier Asbjørn Breivik. Sundag fekk eg 30 i garnet. Laurdag fekk eg 13. Det tok til fredag morgon, då var det 8 i garnet, fortel han.

Dei har sett garn på ulike plassar i fjorden, frå like utfor Hatvik til Moldaneset (4 km lenger ute i Bjørnafjorden).

- Det tyder på at det er god spreiing på fisken. Det er altså ikkje berre noko tilfeldig som har dotte av når oppdrettarane henta fisk frå merdane, seier Breivik.

- Større enn fisken til Bolaks

Bolaks har 13 lokasjonar i Bjørnefjorden, frå Lukksundet i sør til Holmefjord i nord. Men produksjonsleiar Terje Moss seier at dei ikkje kjenner att laksen som dei har fått inn frå lokale fiskarar.

- Me ser at det har skjedd ei rømming, men me kan ikkje seia kvar han stammar frå. Han er større enn det me har i området. Men me har likevel engasjert dykkarar og stimulerer lokale fiskarar til å fiska dei opp, seier Moss.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva andre anlegg kan rømminga ha kome frå?

- Me har fått rapportar om at folk har fått oppdrettslaks så langt ute som Røtinga. Ute med Gulholmane har Lerøy anlegg. Eg prøvde å ringa dei i stad, utan å få svar, seier Moss.

Fiskeridirektoratet er på saka

Sjef for tilsynsseksjonen i Fiskeridirektoretet, Henrik Hareide, opplyser at dei har fått inn ei rekkje meldingar frå fiskarar i Bjørnefjorden.

- Me har også fått melding om at Bolaks har eit hol i nota på ei av merdane dei har i området. Men det er vanskeleg å seia om fisken stammar herifrå, då holet er ganske lite, seier Hareide.

I ei pressemelding frå Fiskeridirektoratet tysdag går det fram at merden med hol var Bolaks sitt anlegg ved Skavhella. Holet er no tetta. Det er usikkert om rømminga stammer herifrå, og omfanget av rømminga er også ukjent. Lokale fiskarar vert bedne om å melda frå til direktoratet på tlf 03415 om kvar i fjorden dei fangar den rømte fisken. Det vil gjera jobben lettare med å lokalisera kvar fisken kjem frå.