Glad: - Eg er så glad for den nye tildelingsmodellen som slår så positivt ut for vår kommune, seier ordførar Trine Lindborg

Får 29,4 millionar: – Dette er fantastiske nyhende

Bjørnafjorden kommune får 29,4 millionar kroner frå Havbruksfondet.

– Truleg vil det "redda" rekneskapsresultatet for 2022. 29,4 millionar kroner er 21,4 millionar kroner meir enn budsjettert. Eg er så glad for den nye tildelingsmodellen som slår så positivt ut for vår kommune, seier ordførar Trine Lindborg til kommune sine heimesider.

– Regjeringa leverer. Det er fantastisk kjekt og utruleg viktig, seier ordføraren til Os & Fusaposten

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunedirektør Christian Fotland varsla om betydeleg auke i skatteinngangen samanlikna med finansdepartementet sine prognosar tidlegare i år.

– Saman med auka skatteinngang og løyvinga frå Havbruksfondet, er det mykje som tyder på at 2022 blir eit godt år for kommuneøkonomien, skriv kommunen på sine heimesider.

Stortinget beslutta i 2015 å oppretta eit havbruksfond. Fiskeridirektoratet har ansvar for utbetalingane. Havbruksfondet fordeler kommunal sektor sin del av inntektene frå vekst i oppdrettsnæringa og inntekter frå avgifta på produksjon av laks, aure og regnbogeaure. Bjørnafjorden kommune sin del av Havbruksfondet er på 1,09 %.

142 kommunar og sju fylkeskommunar med oppdrettsaktivitet vil motta totalt 3,09 milliardar kroner i årets utbetaling.

Dette er den største utbetalinga i eit enkeltår, ifølgje ei melding fra Nærings- og fiskeridepartementet. Det er venta ei ny overføring i 2023.

I fjor betalte Havbruksfondet ut éin milliard kroner til laksekommunane, medan utbetalinga året før var på 2,25 milliardar kroner.