Louise Dysvik Johansen, Erlend-André Nesbø, Emrik Furubotn Storum, Filip Almås Solberg, Dag Almås Solberg, Hilde Almås-Opheim, Andreas Øvreeide Frydenlund, Malin Tveit Olsen, Nora Hjelmeland-Hjelmevik, Emil Strand Kalsås, Iver Merkesdal, Maya Bugge Furubotn, Kjetil Nesbø og Mira Gausvik Solberg.
Louise Dysvik Johansen, Erlend-André Nesbø, Emrik Furubotn Storum, Filip Almås Solberg, Dag Almås Solberg, Hilde Almås-Opheim, Andreas Øvreeide Frydenlund, Malin Tveit Olsen, Nora Hjelmeland-Hjelmevik, Emil Strand Kalsås, Iver Merkesdal, Maya Bugge Furubotn, Kjetil Nesbø og Mira Gausvik Solberg.

Får livsviktig lærdom i bassenget

Denne veka har 14 born i Fusa fått gratis, livreddande kunnskap i bassenget, med «Svømmeaksjonen 2016».

- Fusa svømmeklubb arrangerer "svømmeaksjon" for 14 born som storkosar seg i bassenget og lærer mykje, fortel Tonje Tveit Horne.

I Fusa har «Svømmeaksjonen 2016» funne stad i bassenget på Framo Aktiv, denne veka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torsdag fekk ungane bada med klede på. Ikkje fordi dei er sjenerte, men fordi det gir dei nyttig lærdom å oppleva korleis det kan vera å falla i vatnet med kleda på.

- Det kjennest uvant og litt tungt, seier Horne.

Gjengen har også hatt vatntilvenning og leik.

Louise, Emrik, Kjetil og Erlend var fire av dei 14 heldige ungane som denne veka fekk delta på gratis symjekurs gjennom Svømmeaksjonen 2016.
Louise, Emrik, Kjetil og Erlend var fire av dei 14 heldige ungane som denne veka fekk delta på gratis symjekurs gjennom Svømmeaksjonen 2016.
Å symja med kleda på er mykje tyngre enn berre badebuksa. Det fekk ungane erfara torsdag.
Å symja med kleda på er mykje tyngre enn berre badebuksa. Det fekk ungane erfara torsdag.

- I tillegg har vi øvd på å hoppa frå kanten, vera under vatn, flyta og symja.

- Ring 1-1-3 og hent hjelp

Onsdag hadde dei besøk av Stig Berge frå Fusa Røde Kors saman med dottera Helene. Dei viste og fortalte om førstehjelp og livredning.

- Det var veldig spennande og lærerikt, seier Horne.

Ho synest det er bra at ungane lærer seg telefonnummeret til naudetatene.

- Dei kan ringa 1-1-3, og veit at dei kan springa etter hjelp frå vaksne visst nokon skulle liggja bevisstlause.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stig og Helene sat saman med alle ungane i ein sirkel på golvet, i gymsalen på Framo Aktiv.

- Dei viste og fortalte, og ungane var engasjerte og spurte masse. Det blei ei fin og veldig lærerik økt.

- Modige og stolte

Horne er imponert over kor flinke alle borna har vore.

- Dei har blitt tryggare og modigare for kvar gong vi har vore i bassenget. Dei som ikkje var trygge i vatn då vi starta, er no blitt mykje tryggare.

Alle har hatt god progresjon gjennom veka. Enkelte har til og med lært å symja.

- Det er ein stor siger og barna er svært stolte.

Deltakarane får «Svømmeaksjonen»-t-skjorte og symjebriller som "premie" for å ha delteke.

- Det er veldig populært.

Artikkelen held fram under annonsen.

Livsviktig aksjon

Horne fortel at Fusa svømmeklubb har eit godt samarbeid med badevaktene på Framo Aktiv.

- Dei er positive til aksjonen, og det gjer at vi får ei kjekk veke i bassenget.

Instruktørar frå Fusa svømmeklubb er: Line Furubotn Storum, Bjørg-Anita Nesbø, Kristin Almås, Anita Fugleberg og Tonje Tveit Horne.

I klubben er dei stolte av å delta på svømmeaksjonen, og håper Gjensidigestiftelsen og Norges svømmeforbund vil halda fram med denne, sjølv om det har kome signal om at 2016 er siste året.

- For oss er det verkeleg flott å tilby dette gratis til borna. Symjeopplæring er livsviktig!

Svømmeaksjonen 2016:

Berre halvparten av tiåringane i landet kan symja 200 meter, sjølv om målet er at alle skal kunna det etter 4. klasse.

Den forsømte halvdelen utgjør så mange som 25.000-30.000 born per årskull, på landsbasis.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå 2008 til 2015 har over 60.000 born mellom 6 og 10 år blitt trygge i vatn, gjennom Svømmeaksjonen.

Dette har vore mogleg fordi Gjensidigestiftelsen på dei åra gav 84,5 millioner kroner til gratis kursing.

For 2016 har dei gitt 10 millioner, slik at ytterlegare 8.000 får gratis kurs gjennom prosjektet.

Ein symjepakke består av fem klokketimar undervisning i vatn, samt ein teoridel kvar gong. Den er verdsatt til kr 20 000.

Instruktørar frå NSF står for undervisninga.

Kurset går intensivt over éi veke (fem dagar).

Kurset skal ikkje erstatta lovpålagt undervisning i skulen.