Ikkje lov: Politiet meiner at auken i trafikken opp Holtbrekka skjer grunna vegarbeidet på Byvegen. Dei minner om at det ikkje er lov med gjennomkøyring her, og at ein skal bruka planlagt omkøyring via Moberg.

Får meldingar om uvanleg høg trafikk. — Det er forbod mot gjennomkøyring her

Stenging av Byvegen er truleg årsaka til trafikkauken i Holtbrekka.

Politiet opplyser om at dei får meldingar om uvanleg mykje trafikk i området Holtbrekka. Dei meiner at auken truleg skuldast vegarbeidet i Byvegen, som måndag kveld blei stengd fram til jul.

— I går ettermiddag blei det meld om eit trafikkuhell då ein bil skulle snu og kom borti to parkerte bilar. Politiet minner om gjennomkøyringsforbod i området. Bruk planlagt omkøyring via Moberg, skriv politioverbetjent Atle Birkeland i ein e-post.