Raud-gruppa klare for å læra litt om fargeblanding.
Raud-gruppa klare for å læra litt om fargeblanding.

Fargeglad dag i Ulvenvatnet barnehage

Det vart magisk då Espira Ulvenvatnet barnehage hadde fargefest fredag.

Totalt 105 born fekk vera med og planleggja, laga og feira den store fargefest-dagen i Ulvenvatnet barnehage fredag.

Til festen fekk barnehagen storfint besøk frå Os kommune, og utplasserte elevar frå Os vidaregåande skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det vart ein magisk dag for både store og små, seier styrar Katharina Søreide.

Fin tradisjon

Det er fjerde året på rad at barnehagen har fargefest i staden for karneval. Dagen er blitt populær blant borna og dei tilsette.

- Det er noko eige med ein fest der me lagar og førebur alt sjølve, frå byrjing til slutt. Karneval har lett for å bli litt sånn "kjøpegreier", seier Søreide.

Jungelsafari-land.
Jungelsafari-land.
Raudt er fargen på blod og hjarte...hjarteven og venskap.
Raudt er fargen på blod og hjarte...hjarteven og venskap.
Eit eige rom for solfargar må til på ein fargedag.
Eit eige rom for solfargar må til på ein fargedag.
Eit rom til å bli grøn av misunning av.
Eit rom til å bli grøn av misunning av.

Ho fortel om tidlegare barnehageborn som berre MÅ droppa innom denne dagen.

- Dei som har småsøsken stikk gjerne innom for å sjå på fargefesten. Det er tydeleg noko dei hugsar godt frå tida då dei gjekk her, fortel styraren.

Fem farger

Tradisjonen tru var det også fredag fokus på fem farger. Ei for kvar avdeling.

- Kvar avdeling bruker god tid på å førebu dagen, og borna er med på å velja ut og laga ting som passar til fargen dei er blitt tildelt, seier Søreide.

- Gruppa som fekk fargen raud assosierte til dømes med blod og hjarte. Grøn-gjengen hadde tenkt i retning av jungel og planter. Utstillingane er i så måte ei attspegling av bornas assosiasjonar til fargane, legg ho til.