Gjennomsnittsmåling: Tre bilistar fekk eit forenkla førelegg då politiet hadde gjennomsnittsmåling langs Hegglandsdalsvegen fredag føremiddag.

Fartssyndarar: Tre bilistar måtte ut med til saman 13.100 kroner

– Ved mindre trafikk på vegane, som det var fredag, kan det nok vera freistande for nokre å køyra litt fortare, seier vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Fredag formiddag hadde politiet gjennomsnittsmåling på Hegglandsdalsvegen. Tre bilistar, alle menn, blei stoppa for å ha køyrd for fort.

– Det var to som fekk 3.800 kroner og to prikka. Han som hadde høgast fart – 67 km/t i 50-sona, fekk eit forenkla førelegg på 5.500 kroner og tre prikkar. Alle tre vedtok førelegget på staden, fortel vakthavande.