Med åtte spesiallaga sveisebåsar kan lærar Rolf Kvåle og kollegaane hans følgja elevanes arbeid på nært hald utanifrå.
Med åtte spesiallaga sveisebåsar kan lærar Rolf Kvåle og kollegaane hans følgja elevanes arbeid på nært hald utanifrå.

- Fasilitetar ein tidlegare berre kunne drøyma om

Den nye sveisehallen til Os vidaregåande skule får avdelingsleiaren ved TIP-linja til å ta fram dei største superlativa. - Som å gå frå folkevogn til Rolls-Royce, seier han.

Rolf Kvåle har jobba ved Os vidaregåande skule i seks år. Liknande fornying har han aldri opplevd tidlegare.

- Det er utruleg kjekt at fylket satsar såpass på oss, og ikkje minst flott at dei ser verdien av å leggja tilhøva godt til rett for at nye generasjonar med ungdom skal velja yrkesretta fag, seier 54-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

30 millionars-prosjekt

Ein ny sveisehall har stått på ønskelista til Os vidaregåande skule sidan 1997, men først i fjor sommar vart det første spadetaket teke.

- Då var det alt gjort ein god jobb over fleire år. Prosjekt som dette krev lang planlegging, poengterer Kvåle.

Den nye sveisehallen er plassert vegg i vegg med TIP-linjas verkstadhall og gamle sveisehall. Heile bygget er på 600 kvm og består i grove trekk av to like store einingar på 300 kvm.

Den nye sveise- og anleggshallen til Os vidaregåande skule er 600 kvm stor. Rolf Kvåle meiner hallen er eit gigantisk løft for heile avdelinga.
Den nye sveise- og anleggshallen til Os vidaregåande skule er 600 kvm stor. Rolf Kvåle meiner hallen er eit gigantisk løft for heile avdelinga.
I den gamle verkstadshallen har dei no fått to nye oljestasjonar med svært sugesterke eksosavtrekksslangar.
I den gamle verkstadshallen har dei no fått to nye oljestasjonar med svært sugesterke eksosavtrekksslangar.
Naud-dusj og augevask er standard etter nye forskrifter.
Naud-dusj og augevask er standard etter nye forskrifter.
- Det nye sveisebordet er så stort og tungt at det truleg gav halhjemsferja overlast då det vart sendt frå Stord, skjemtar Kvåle.
- Det nye sveisebordet er så stort og tungt at det truleg gav halhjemsferja overlast då det vart sendt frå Stord, skjemtar Kvåle.

- Her i austdelen har arbeidsmaskin VG2 fått sin nye verkstadshall, medan me i naborommet her finn den nye sveisehallen, seier Kvåle og viser oss inn.

- Her snakkar me om oppgradering. Den gamle sveisehallen var knapt ein fjerdedel så stor som denne, seier Kvåle.

Totalt har prosjektet kosta kring 30 millionar kroner.

- Bygget kosta vel 26 millionar kroner. I tillegg har me fått utstyr, verkty og inventar verd kring 4 millionar, seier avdelingsleiaren.

Lurt å sitja i bås

Per dags dato er det berre seks vidaregåande skular i landet som har utdanning for anleggsteknikk og anleggsmaskinmekanikarar. Då må utstyret og fasilitetane vera gode.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me skal ikkje berre læra elevane om korleis ting vart gjort før og korleis me er komne dit i me er i dag. Me skal også visa dei vegen mot morgondagen. Då må me ha tipp-topp utstyr. Det har me no.

- Meiner du de er blant landets best utstyrte skular på dette feltet?

- No er me det, ja. Voss vidaregåande skule er også rimeleg oppgradert, men dei har ikkje fått båsar som desse. Dei er geniale, seier Kvåle og viser oss åtte grå båsar med raude plastvindauge i dørene.

- Her er plassen der det er lurt å sitja i bås, humrar Kvåle og held fram:

- Tryggleik er viktig, og desse sveisebåsane er supert eigna for undervisning. Takk vere det raude plast-vindauget i dørene kan eg som undervisar stå utanfor og kikka inn på kva eleven gjer utan å risikera å bli sveiseblind av lyset, fortel Kvåle.

Han legg til at Os vidaregåande skule er den einaste skulen i landet som har sveisebåsar som desse.

- Me fekk laga desse på oppdrag etter at me var på studietur i Tyskland og såg liknande einingar som dette.

Miljøvenleg og praktisk

I samband med fornyinga fekk avdelinga også eit heilt eksepsjonelt sveisebord.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dette vart spesiallaga på Stord. Eg tippar Halhjems-ferja krengja godt av vekta av dette, humrar Kvåle.

Bordet er gedigent.

- Tanken med eit så pass stort sveisebord, er at alle elevane kan stå rundt og følgja undervisninga på ei og same tid.

Ein annan fiffig ting er at dei har fått tre store oljestasjonar.

- Alle store verkstader med respekt for seg sjølv har stasjonar som dette, smiler Kvåle og viser.

- Her får ein girolje, motorolje, gris-olje og mykje meir. Utvalet er stort, og tilgangen med desse slangane er enkel. I tillegg har kvar av desse oljeanlegga eit kraftig eksosavtrekk. Dermed sikrar me oss mot dårleg luft i hallane.

Skulen har sjølvsagt følgd alle dagens krav.

- Det er svært miljøvenleg her no. I sveisehallen kan samtlege elevar i ein klasse stå og sveisa, utan at det vert spor av røyk i hallen. Ventilasjonsanlegget er enormt godt.