Sola kom: Det veksla mellom regn, opplett og solskin, under festprogrammet i Minneparken.

Feiringa er i gang: — Gratulerer med dagen, gode bjørnafjordingar

Festprogrammet i Minneparken er over, og hovudprosesjonen vert stilt opp ved Giskavollen.

I helsinga frå ordførar Trine Lindborg (Ap) fortalde ho at då ho var lita, var det fint vêr på 17. mai kvart einaste år — nesten.

Sjå biletserie frå programmet i Minneparken, som inneheld song frå Os mannskor, tale frå russepresidenten ved Os gymnas, og song og tale frå Kuventræ barneskule. Os musikkforening spelte til allsong.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kom med helsing: Under kan ein lesa helsinga frå ordførar Trine Lindborg (Ap).

Helsinga til ordføraren:

17. mai var ei blanding av gøy og høgtid.

Først gjekk vi i barnetoget, så i hovudprosesjonen, og så var det leikar! Og på ettermiddagen kino og brusteinsball.

Etter ein lang dag med is og pølser, stylter og sekkeløp, var ikkje bunadsforkle og dresskjorter like kvite som om morgonen. Det skal vera sikkert.

Akkurat talane var ikkje så gøy, men til og med vi ungane skjønte at det høyrde med — at bak begeistringa på 17. mai, låg det faktisk eit stort alvor og noko vi kunne vera stolte av i Norge, demokratiet vårt og kongen vår!

Det er så fint å stå her og sjå utover alle som no stiller opp i bunader, russedressar og finstas.

Finklede, det betyr at vi kjenner oss fine. Kvar einaste 17. mai tenkjer eg på mor mi. I 1945 feira dei freden i bygdene våre. Til freds-syttande-maien hadde mormor sydd festklede til mor mi og tante Marit. Ho måtte bruka det ho fekk tak i, og greidde å sy om. Men fine følte dei seg kjolar og skjørt som var sydd om,- og med forkle sydd av mjølsekkar. Dei fekk ha fin-klede på!

No er eg sjølv blitt mormor, og eg håpar verkeleg at veslejenta vår — som eg — i framtida kjem til å hugsa 17. mai som berre sol, is og leik. For slik ønskjer eg at 17. mai skal vera for alle ungar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men vi som har levd litt lenger, må — både i dag og alle andre dagar — snakka høgt om demokratiet vårt, om kvifor vi feirar grunnloven, og om det opne samfunnet vårt, der alle har likeverdig rett til å delta.

Vi kan ikkje ta noko av dette for gitt. Det viser verda rundt oss kvar einaste dag.

Krigen i Ukraina rasar på andre året, og demokratiet er under press i mange land i verda. Vi har fått nye, tapre sambygdingar i Bjørnafjorden, folk som har måtta flykta frå heimlanda sine fordi demokrati og menneskerettar er under angrep.

La oss senda ein varm tanke til alle dei som må slåst for fridomen sin i dag, til dei som kjempa for vår fridom under andre verdskrigen, og til dei som i 1814 så framsynte skapte ei grunnlov som framleis tryggjar demokratiet vårt.

I over 150 år har vi i Noreg feira grunnlova vår med barnetog på 17. mai, og brukt dagen til å løfta fram dei unge. Eg er så glad for at vi har med oss både barneskuleelevar og russ i Minneparken i dag. Barn og ungdom skal vi lytta til — dei er framtida vår, og dei har mykje klokt å melda, skal eg sei dykk.

I dag blir det snakka høgtideleg om grunnlov, demokrati og fridom, samstundes som vi gler oss over herleg. skitne ungar med ketsjup og is på kleda — og gjerne litt grønske på knea. Samstundes vil eg på ein sånn dag gjerne anerkjenna både småstressa foreldre (og besteforeldre), og alle oss som ikkje er verdsmeister i å stryka bunadsskjorter, men som gjer så godt vi kan!

Det er nemleg ikkje så nøye, for tenk kor heldige vi er som har ein grunnlovsdag med plass til både feiring, leik og alvor — og snart er skjorta skrukkete igjen.

Med det ønskjer eg alle bjørnafjordingar, små og store, gamle og nye, ein flott 17. mai! Gratulerer med dagen!