Stoppa bil: Ein bilførar fekk ei åtvaring då politiet stoppa vedkomande med julelys i frontruta.

Fekk åtvaring etter å ha køyrd med julepynt i frontruta

– Dette er ikkje lov. Frontruta skal vera heilt rein.

Det fortel vakthavande ved Os lensmannskontor.

– Patruljen stoppa bilen kvart på to i natt. Frontruta skal vera heilt rein. Det var ikkje denne.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Var det julelys?

– Det var det. Det er fleire som gjer dette, men det er altså ikkje lov.

Politiet gjennomførte trafikkontroll på Lyseklostervegen laurdag føremiddag. Der blei 55 bilar kontrollerte, og politiet fann ikkje noko å reagera på.

– Det er veldig bra, seier politiet.