Kontroll: Slik såg det ut i frontruta til denne føraren.

Fekk bruksforbod etter dette

Gjenstandane måtte fjernast før bilføraren fekk køyra vidare.

14 lette køyretøy vart kontrollerte av Statens vegvesen i Hjellemarka og på Osøyro tysdag føremiddag.

Det vart gitt fire skriftlege manglar på defekt nærlys, rust på bremseskiver og film på sideruta framme.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg vart det gitt tre bruksforbod. Det eine grunna is på sideruta foran, eitt grunna snø på talet og eitt på mange gjenstandar i frontruta.

Snø på taket: Bilføraren skulle ha måka betre.
Ikkje godt nok: Denne ruta førte til bruksforbod.

Fyrst etter at snø, is og gjenstandar hadde blitt fjerna, vart det gitt grønt lys til vidare køyring.

Vegvesenet delte også ut eit gebyr for manglande bruk av bilbelte og eit gebyr for å ikkje ha med seg vognkort.