Luftforsvaret: For F35-flya er tur-retur Ørlandet-Bjørnafjorden for ein svipptur å rekna.

Fekk du med deg F35 i julestjerne-formasjon over Bjørnafjorden?

Luftforsvarets F35-fly skapte julestemning over Bjørnafjorden i formiddag.

Mange av våre lesarar kunne litt over klokka 12 sjå 12 F35-jagarfly i julestjerne-formasjon over Bjørnafjorden.

Turen, som var varsla på Luftforsvarets Facebook-side, starta frå Ørlandet utanfor Trondheim klokka 11.

Artikkelen held fram under annonsen.

Deretter gjekk turen over Brekstad, Trondheim, Kristiansund, Molde, Ålesund, Førde og til slutt Bergen.

Motorlyden frå flya fekk nok mange til å kika opp på himmelen. Og i dagens vakre solskin, var det rett og slett eit spektakulært syn.

Om det sikra julestemninga, er meir usikkert.

Adventstradisjon

I fylgje Teknisk Ukeblad har det blitt ein tradisjon at Luftforsvaret flyr julestjerneformasjon når det nærmar seg jul.

Det skal vera snakk om den største formasjonen av F35-fly nokosinne her til lands.