Oddbjørn Dyrdal like etter droppet på vel 4.000 meter.
Oddbjørn Dyrdal like etter droppet på vel 4.000 meter.

Fekk fallskjerm utan å måtta gå av

Dei bruker ikkje å få fallskjerm før dei går av. Lensmann Oddbjørn Dyrdal fekk han påspandert av kollegaane ein heilt vanleg onsdag.

Han ante fred og ingen fare, Oddbjørn Dyrdal, då han kom på jobb på Os lensmannskontor onsdag morgon. Først då han såg at kollegaane hadde lagt inn nokre nye moment i kalenderen, ante Dyrdal ugler i mosen.

Førehandsgåve frå kollegaane

Litt seinare i haust fyller lensmannen i Os 50 år. Kollegaane ønskte å feira sjefen litt på førehand.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Her for litt sidan prata han om at han kunne tenkt seg å hoppa i fallskjerm. Me tok han på ordet og kjøpte gåvekort på tandemhopp på Voss, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Under morgonmøtet onsdag fekk Dyrdal gåvekortet overrekt. Lensmannen skvatt litt til då han såg datoen for når tandemhoppet skulle utførast.

– Han vart litt paff, men tok det sporty og hoppa bokstavleg tala i det, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

Oddbjørn Dyrdal og Audun Hadler-Olsen trygt nede på landjorda etter hoppet.
Oddbjørn Dyrdal og Audun Hadler-Olsen trygt nede på landjorda etter hoppet.

Moralsk støtte

For hoppet skulle sjølvsagt fullførast same dag. Dermed var det å hiva seg i bilen og køyra raskaste veg til Voss.

Også Audun Hadler-Olsen var med på turen. Politioverbetjenten spanderte sjølv på seg eit tandemhopp når dei først skulle til Bømoen.

– Litt fordi eg alltid har hatt eit ønske om å prøva det, og litt for at eg skulle vera moralsk støtte for Oddbjørn, fortel Hadler-Olsen.

Veldig høgt

Politiførstebetjent Fimreite heldt seg trygt på bakken.

– Det såg høgt ut nedanifrå, men først då eg såg bileta frå droppet, skjønte eg kor høgt det eigentleg er, seier Fimreite.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dyrdal og Hadler-Olsen vart sleppt ut i 13.400 fots høgde (kring 4.000 meter). Deretter var det 45 sekunds fritt fall, før fallskjermen vart slått ut.

– Det var rimeleg heftig. Både Oddbjørn og eg syntest at det var ei fantastisk oppleving, fortel Hadler-Olsen.

Etter hoppet bar det direkte tilbake til Os og kontoret i Irisbygget. Der vart lensmannens 50-årsdag vidare markert med kaffi og kake i lag med resten av kollegaane.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no