Roger Hoel har nyleg meldt seg ut av Frp. Hoel er uavhengig, og røysta konsekvent på Sp og H sine forslag i kommunestyremøtet torsdag. Den tidlegare Frp-politikaren møtte motstand då han vart føreslått som utsending til Bergen og Omland Friluftsråd sitt årsmøte.
Roger Hoel har nyleg meldt seg ut av Frp. Hoel er uavhengig, og røysta konsekvent på Sp og H sine forslag i kommunestyremøtet torsdag. Den tidlegare Frp-politikaren møtte motstand då han vart føreslått som utsending til Bergen og Omland Friluftsråd sitt årsmøte.

Fekk lov til å dra, trass alt

Å bestemma kven som skal vera kommunen si utsending til årsmøtet i Bergen og omland friluftsråd, er som regel ein formalitet. Men ikkje i Fusa.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Det opphavlege forslaget gjekk ut på at Carl Johan Haugen (Frp) skulle dra, og at Jan Birger Landøy (Sp) skulle vera vara.

I kommunestyremøtet kom opposisjonen med eit alternativt forslag. Sp, H og Dei uavhengige, det vil seia Roger Hoel, som nyleg har meldt seg ut av Frp, meinte det ville vera betre om Hoel fekk høve til å representera kommunen i møtet. Dei føreslo difor Hoel som årsmøteutsending og Landøy som vara.

- Det er få personar i Fusa som bruker så mykje tid på friluftsliv som Hoel. Det hadde vore kjekt om vi kunne einast om at han fekk vera årsmøteutsending, sa Mikal Leigland (Sp).

- Eg vil be om eit lite gruppemøte, sa Haugen.

Dermed forsvann posisjonspartia på bakrommet igjen. Då dei kom ut igjen, hadde Ap, Frp, KrF og V følgjande forslag: Jan Birger Landøy (Sp) som årsmøteutsending, Carl Johan Haugen (Frp) som vara.

Forslaget fekk ei røys med Sp-representantar til å ta til motmæle:

- Hoel har stor interesse av feltet. Årsmøtet er ei lita sak. De må vera litt generøse, sa Leigland.

Lang på si side, meinte det var trist. Reinspikka maktpolitikk, kalla han det.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har ein kandidat som brenn for friluftsliv. Akkurat no er eg flau over denne sida av bordet, sa han, og sikta til posisjonspartia på venstre fløy.

Også kommunestyret sin yngste kandidat reiste seg frå plassen sin. Peter Hans de Zwarte (Sp) debuterte på talarlista med følgjande utsegn:

- Eg er sjokkert over kor barnslig det går an å vera. Eg trudde jobben vår var å gjera det som er best for Fusa. Då må vi velja dei beste kandidatane, sa han.

Når alt kom til alt, fekk Roger Hoel 12 røyster, medan Landøy fekk 9. Dermed vert Hoel årsmøteutsending likevel.