Politiet fortel om eit forholdsvis roleg siste døger i oppdateringa si til avisa.

Fekk melding om høg musikk. – Eit gjentakande problem

Hendinga skal ha funne stad i Søfteland-området.

I 13.30-tida måndag fekk politiet melding om høg musikk frå ei adresse i Søfteland-området.

– Dette er ifølgje meldar eit gjentakande problem, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand i ein e-post til Os & Fusaposten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lyssand skriv vidare at politiet søkte å koma i kontakt med eigar av bustaden, utan å lukkast.

Hadde lagt seg for å sova

Seinare på dagen, i 19-tida, vart politiet varsla om at det var observert ein sovande mann utanfor Esso-stasjonen i Os sentrum. Oppdraget vart overteke av helse.

– Det var ingen ledig ambulanse, men då han var klar, skulle dei ta turen for å sjekka, skriv Lyssand.