Mann med sleggje: Ein mann skal ha gått rundt med sleggje på Søfteland onsdag.

Fekk melding om mann som gjekk rundt på Søfteland med sleggje

Vedkomande blei lokalisert av politiet.

Det var klokka 18.45 onsdag kveld at politiet fekk melding om at ein mann gjekk rundt med ein sleggje på Søfteland.

Han skal ikkje ha vore trugande overfor andre. Personen blei lokalisert av politiet.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Han fekk tilbod om helsehjelp, og blei seinare dimittert og vist bort frå staden. Mannen er i 20-åra og bur i Bergen, opplyse politioverbetjent Atle Birkeland.

Kjende seg ikkje att i skildring

Onsdag fekk politiet melding om ein bil som køyrde vinglete og med ujamn fart på E39 i retning Os. Bilen blei stansa og førar kontrollert. Førar kjende seg ikkje att i skildra køyreåtferd.

— Vedkomande fekk beskjed om å halda fokus på vegen og følgja fartsgrensa.

Måtte bråbremsa

Grunna ein hjort som kryssa vegen, måtte ein bilist trakka på bremsa på Ulvenvegen torsdag morgon. Det førte til at bilen bak ikkje fekk tid til å stoppa opp, og køyrde i bilen som hadde bråstoppa.

— Hjorten sprang til skogs, men blei treft. Skadestaden er merkt og Ettersøksringen er varsla. Bilførarane gjorde opp seg mellom med skadeskjema.