Mogleg tjuveri: Politiet fekk melding om eit mogleg pågåande tjuveri frå Plantasjen torsdag.

Fekk melding om mogleg tjuveri: – Mann forsynte seg frå konteinar

Dette er ikkje tillate.

Torsdag kveld fekk politiet melding om eit mogleg pågåande tjuveri av planter som blei ført bort i ei handlevogn frå Plantasjen.

– Politiet fekk kontroll på ein person, ein mann i 50-åra. Det framstod som i all hovudsak kasserte blomster, som var henta frå ein konteinar. Handlevogna blei tilbakeført med innhald til Plantasjen, skriv politioverbetjent Christine Grindstein i ein e-post.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skriv Grindstein at det ikkje er tillate å forsyna seg frå konteinarane ved Plantasjen.

– Dette er også tydeleg merka med oppslag på konteinarane. Då det ikkje framstod som tjuveri, er det ikkje oppretta sak per no.